Har ikkje avdekt forsvunne barnevernsmeldingar i Herøy

Ingen meldingar til barnevernet vårt i 2022 har gått tapt. Ta kontakt om du sende bekymringsmelding i 2021 og er uroleg for om meldinga kom fram.

ei kvinne og ei jente snakkar saman - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Bergen kommune har meldt at minst 24 meldingar til barnevernet ikkje har kome fram. Meldingane har vore sende inn gjennom Nasjonal portal for bekymringsmelding, eit system som er levert av selskapet Visma.

Kommunane på søre Sunnmøre nyttar det same systemet som Bergen kommune. Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) har oppgradert programvare og søkt gjennom loggar for å sjekke om nokon av dei sju kommunane på søre er råka av feilen.

Systemet vart teke i bruk i januar 2021. Det er avklart at ingen meldingar til barnevernet i Herøy i 2022 er forsvunne. Det ligg ikkje føre loggfiler frå 2021. Dermed er det ikkje mogleg for SSIKT å finne ut om meldingar frå 2021 kan ha gått tapt.

Derfor: Dersom du sende inn ei bekymringsmelding i 2021, og har mistanke om at meldinga ikkje har kome fram til barnevernet, ber vi deg om å ta kontakt.

Ta då kontakt gjennom e-Dialog (sikker innsending av post) eller ring Herøy kommune på nummeret 46 83 02 12.