Heidra i kommunestyret etter fylkespris - Herøy kommune

Heidra i kommunestyret etter fylkespris

Herøy ungdomsråd vart torsdag heidra i kommunestyremøtet etter å ha blitt kåra til årets ungdomsråd i Møre og Romsdal.

herøy ungdomsråd - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Herøy ungdomsråd vart heidra under kommunestyremøtet 19. mars, etter at dei laurdag 14. mars vart kåra til årets ungdomsråd i Møre og Romsdal under Ungdommens fylkesting.

Ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy trekte særleg fram korleis ungdomsrådet legg til rette for medverknad, skapar gode møteplassar og bidreg til eit allsidig fritidstilbod i Herøy.

– Ikkje minst gjer dei ein kjempejobb for ungdom, sa Storøy frå talarstolen.

Som ei ekstra merksemd fekk alle medlemmane i ungdomsrådet utdelt hjartesjokolade og kinobillettar, slik at dei kan samlast til ein felles kinokveld.