Her finn du ladestasjonar for elbil i Herøy

Det kan til tider vere stor pågang på ladarar i Herøy, særleg ved Sunnmørsbadet. Her får du oversikt over kva moglegheiter som finst for elbillading i kommunen – og kva som kjem framover.

Herøy kommune ønskjer at tilreisande skal ha eit godt opphald. Difor blir det arbeidd aktivt med å betre tilbodet for hurtiglading.

Elbil lading - Klikk for stort bilete Pexels.com

Fleire lademoglegheiter i kommunen

Sjølv om det kan vere kø på enkelte ladarar, finst det fleire alternative ladestasjonar både i Fosnavåg sentrum og elles i Herøy kommune.

Du finn ei oppdatert oversikt over ladestasjonar her:
Finn ladestasjonar nær deg på Chargefinder

Her kan du søkje opp ledige ladarar og finne det alternativet som passar deg best.

Har du eigen ladekabel er det moglegheiter for lading rundt om i kommunen. Du kan mellom anna lade fleire stader på Bergsøya og på Runde.

I Fosnavåg sentrum kan du (med eigen kabel) lade:

  • i garasjen ved rådhuset
  • i garasjen ved Thon hotell (for hotellgjester)

Utfordringar med kapasitet

Det er i periodar avgrensa kapasitet på ladarane ved Sunnmørsbadet, noko som kan føre til ventetid. Dette gjeld særleg i periodar med mykje trafikk og mange tilreisande.

Kommunen er kjend med utfordringa, og arbeid med å auke kapasiteten har pågått over tid.

Oppgradering kjem i august

Det er planlagt ei oppgradering av hurtigladarane ved Sunnmørsbadet i løpet av august. Denne oppgraderinga skal betre kapasiteten og redusere ventetida for brukarane.

Arbeid med hurtiglading i sentrum

Samtidig blir det arbeidd med å få etablert hurtiglading i Fosnavåg sentrum. Dette arbeidet har teke lengre tid enn ønskt.

Utbygging av ladetilbodet i sentrum må sjåast i samanheng med den større reguleringsplanen for Fosnavåg, som no omfattar eit utvida område.

Målet er at det så snart som råd skal kome eit betre tilbod også her.

Ønsker velkomen til Herøy

Herøy kommune arbeider for å gi eit best mogleg tilbod til alle som bur og ferdast i kommunen. Målet er at du som elbilist skal kunne lade raskt og enkelt – også i framtida.

Elbillading - Klikk for stort bilete Pexels.com