Herøy kommune
25 lag frå regionen deltok i First Lego League i år. Konkurransen samlar elevar frå heile Skandinavia rundt eit felles oppdrag der dei arbeider med teknologi, innovasjon, forsking og samarbeid.
Årets tema var BIOGLOW og handla om biologisk mangfald. Gjennom åtte veker undersøkte elevane utfordringar som trugar naturmangfaldet og utvikla eigne forslag til løysingar. Resultata presenterte dei for juryen under konkurransen.
I tillegg bygde og programmerte elevane robotar i LEGO. Robotane skulle løyse ulike oppdrag på kortast mogleg tid i robotkonkurransen.
Kommunen er svært stolt over innsatsen til både elevar og tilsette gjennom prosjektperioden.
Prisdryss til Herøy-skulane
Herøy-skulane markerte seg sterkt under konkurransen og tok med seg fleire prisar heim.
Stokksund skule vann prisen for beste innovative prosjekt. Skulen vart samstundes nominert til Scandinavian Innovation Award (SIA), ei skandinavisk kåring for dei mest nyskapande prosjekta i First Lego League Challenge.
I arbeidet med innovasjonsprisen vel elevane sjølve eit problem dei ønskjer å undersøkje innanfor eit tema. Deretter kartlegg dei eksisterande løysingar og utviklar eigne forslag i samarbeid med fagpersonar, eller andre som kan ha nytte av ideen.
Einedalen skule vann kjerneverdiprisen. Prisen blir delt ut til lag som utmerker seg innan samhald, samarbeid, inkludering, kreativitet, innovasjon og glede. Lærar Line fekk i tillegg prisen for beste rettleiar.
Bergsøy skule, ved klasse 7B,l vann prisen for beste stand. Elevane imponerte juryen med ein detaljert modell av fuglefjellet på Runde og problematikken rundt spøkjelsegarn som skadar og drep sjøfugl.
Nerlandsøy skule viste sterke ferdigheiter innan robotprogrammering og robotdesign. Laget tok seg heilt til kvartfinalen i robotkonkurransen.
Gjev erfaringar for framtida
First Lego League gir elevane erfaring med problemløysing, teknologi, forsking, samarbeid og presentasjon. Samstundes får dei arbeide med reelle samfunnsutfordringar og utvikle eigne idear til løysingar.
Etter den sterke innsatsen i år gler både elevar og tilsette seg allereie til neste First Lego League.