Herøy først i Møre og Romsdal med mentorprogram for helsepersonell gjennom Jobbvinnar KS
Herøy kommune ønska å satse på menneska og er først ut i fylket med å innføre KS jobbvinner sitt mentorprogram. For kommunar som ønskjer å styrkje rekruttering, utvikling og stabilisering av helsepersonell, gir læringsnettverket ein strukturert og kunnskapsbasert veg frå idé til varig praksis.
Eit mentorprogram gir nytilsette helsepersonell god støtte og oppfølging i starten av arbeidsforholdet. Gjennom det første året får den nytilsette ein mentor som, saman med næraste leiar, bidreg med opplæring, rettleiing og jamlege samtalar.
Styringsgruppe for innføring av mentorordning i Herøy kommune: Gry Dragsund Vike (avdelingsleiar pleie og omsorg), Bente Kjetland (implementeringsleiar), Rose Marie Kvalsund (avdelingsleiar bu og habilitering), Christina Aasen-Helvig, (HR/HMS-rådgjevar), Elise Eidsvik, (hovedtillitsvald NSF), Beate Lyshagen Sævik (seksjonsleiar Gneis).
Herøy kommune
Mentoren er ein erfaren kollega som deler kunnskap, svarar på spørsmål og hjelper den nytilsette med å bli trygg i jobben. Målet er å skape ein god start, styrkje fagleg kompetanse og bidra til trivsel og meistring.
Ein god mentor er ein positiv rollemodell med erfaring frå faget, gode samarbeidsevner og kompetanse innan rettleiing.
Herøy kommune starta innføringa i vår og den skal halde fram over to år med jamnlege samlingar saman med Jobbvinnar og andre kommunar i landet. Det er laga implementeringsplan og vi er igang med mentorprogram. Saman med leiarar og tilsette er det vald mentorar for dei ulike avdelingane. Styringsgruppa ser fram til å kome igang med arbeidsgruppe saman med representantar frå mentorane, slik at arbeidet på nyåret vert sett ut i praksis. Vi gler oss vidare til å kunne tilby mentorordning til våre nytilsette.
Publisert av Christina Aasen-Helvig
Publisert 11.11.2026 09:08
Sist endra 11.11.2026 11:44