Herøy har fått sitt niande miljøfyrtårn
Ordføraren hadde tysdag gleda av å overrekke beviset på at Herøy har fått eit nytt miljøfyrtårn: Sparebanken Møre.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Banksjef Per Ronald Knutsen fekk det synlege beviset frå ordførar Tine Storøy.
Svein Arne Orvik
– Gratulerer så mykje. Vi er stolte av dokker. Miljøarbeid blir berre viktigare og viktigare. Det grøne skiftet har kome for å bli, sa ordførar Tine Storøy.
Ho oppmodar andre bedrifter i Herøy til å gjere som banken og bli miljøfyrtårn.
– Prosessen med å bli sertifisert har vore lærerik og inspirerande. Vi har fått eit tettare forhold til blant anna straumforbruk og avfallshandtering. Sparebanken Møre ønsker å vere ein pådrivar for ei berekraftig utvikling i regionen, sa banksjef Per Ronald Knutsen.
Desse bedriftene i Herøy er sertifiserte som miljøfyrtårn:
- Aurvoll og Furesund AS
- Berg-Hansen Nordvest AS avdeling Fosnavåg
- Byggtorget Herøy
- Herøy vidaregåande skule, avdeling Herøy
- Meny Fosnavåg
- Runde Miljøsenter AS, Opplev Runde og Runde Forsking AS
- Sparebanken Møre, avdeling Herøy
- Thon Hotel Fosnavåg
- Vinmonopolet Fosnavåg
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 27.02.2024 15:15
Sist endra 27.02.2024 15:19