Herøy kommune i toppen av ny klimakartlegging

Herøy kommune gjer det skarpt i årets klimakartlegging og får heile 31,5 av 33 moglege poeng. Det gjer kommunen best på klimatilpassing blant dei mellomstore kommunane i landet.  

Bilde frå uværet Tor - Klikk for stort bileteBilde frå uværet Tor Robert Myklebust

Det kjem fram i den nye Ekstremverrapporten 2025 frå forsikringsselskapet If, utarbeidd i samarbeid med CICERO Senter for klimaforsking. Kartlegginga viser store skilnader i kor langt kommunane har kome i klimatilpassingsarbeidet, og dei største kommunane ligg generelt godt framfor dei mindre. 

Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen seier dette om tildelinga 

– Vi er stolte over å liggje heilt i toppen nasjonalt. Dette er eit resultat av godt arbeid over tid, der vi har prioritert arbeidet med beredskap, risikoanalysar og førebygging  - og det er gledeleg å sjå at det gir resultat! Vi må halde fram med å utvikle oss og vere budde på konsekvensane som følger klimaendringane, seier kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen i Herøy kommune. 

I vår kommune jobbar vi konkret og målretta gjennom planarbeid, konsekvensutredningar og  risikoanalysar. Dette har skapt ei erkjenning av at det er behov for å etablere og utvikle kommunen sin totalberedskap for å møte klimaendringane. Dette gjer vi mellom anna gjennom faste samlingar i eit stort beredskapsråd der alle relevante aktørar, både profesjonelle og frivillige samhandlar. I beredskapsrådet koordinerer vi oss og drøftar aktuelle hendingar som for eksempel kan oppstå under ekstremver.  

Dette kjenneteiknar kommunane som skårar høgast 

– Kommunane som skårar best har både politisk forankring og tydeleg organisering, dei har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar, identifisert og sett i verk tiltak, og ikkje minst lagt vekt på å evaluere og følgje opp arbeidet over tid. Det er denne systematiske tilnærminga som kjenneteiknar dei beste kommunane, seier seniorforskar Sofie Skjeflo ved CICERO Senter for klimaforsking. 

If: Klimatilpassing må sjåast som ei investering 

– Ekstremver er ikkje ei framtidig bekymring. Ni av ti kommunar seier at dei har opplevd ekstremver dei siste åra. Det er blitt ein del av kvardagen vår. Men arbeidet med klimatilpassing i kommunane utviklar seg ikkje i same tempo, seier Line Gjengedal Ruud, nordisk leiar for skadehandsaming i If. 

Ho held fram: 

– Framleis peikar kommunane på dei same barrierane i arbeidet med klimatilpassing: Mangel på ressursar, i form av kompetanse og økonomi, og uklar ansvarsdeling. Som forsikringsselskap er vi uroa. Vi må vere førebudde på uveret. Myndigheitene må tenkje nytt. Klimaendringane skjer raskt. Vi kan ikkje halde fram i roleg tempo, men må jobbe raskare. Samstundes er det på tide at klimatilpassing blir sett på som ei investering, ikkje som ei utgift, seier ho. 

Topp 3-plassering blant dei beste kommunane i kvar kommunegruppe 

Klimakartlegging
Kommunegruppe1. plass2. plass3. plass
Små kommuner (<5 000 innbyggere)Fjord (31.25)Samnanger (27.75) Vågå (27.75)Gildeskål (27.25)
Mellomstore kommunar (5 000 – 20 000 innbyggarar)Herøy (Møre og Romsdal) (31.5)Lunner (26.75) Modum (26.75)Oppdal (25) Stad (25)
Store kommunar (20 000 – 50 000 innbyggar)Indre Østfold (29)Time (28)Hamar (27.25)
Dei største kommunane (>50 000 innbyggarar)Stavanger (33)Oslo (32)Skien (30.25)

Kjelde: Ekstremverrapporten 2025 frå forsikringsselskapet If, i samarbeid med CICERO Senter for klimaforskning 

Slik er kartlegginga bak Ekstremverrapporten 2025 gjennomført 

  • Kartlegginga er delt inn i seks delar: Organisering, kartlegging av risiko og sårbarheit, identifisering av klimatilpassingstiltak, val av tilpasningstiltak, gjennomføring, og evaluering/oppfølging. 
  • Spørsmåla i den store kommuneundersøkinga er utforma med utgangspunkt i eit EU-verktøy for organisering av klimatilpassingsarbeid. 
  • Undersøkinga blei sendt til alle dei 357 kommunane i landet, og 153 av dei har svart.
  • Kommunane får poeng basert på svara dei sjølve har sendt inn. 

 

Herøy kommune vil halde fram med å ha høg merksemd på klimatilpassing som ein del av arbeidet med samfunnstryggleik og berekraftig utvikling.