DSB
DSB
Velkomen til Herøy folkebibliotek
Tid: Tysdag 1. desember 2026 kl. 17.30-19.00
Stad: Herøy folkebibliotek, Rådhusgata 12, 6090 Fosnavåg
Arrangementet er gratis og ope for alle.
I løpet av arrangementet får du møte representantar frå kommunen, Heimevernet (HV-11), Sørøyane Røde Kors og Herøy Sanitetsforeining. Du får informasjon om korleis kommunen arbeider med beredskap, korleis viktige meldingar kan bli formidla ved kriser, og kva du bør vite dersom viktige samfunnstenester fell bort.
Kvifor er dette viktig?
Mobilnett, internett og digitale tenester er ein naturleg del av kvardagen vår. Dersom desse tenestene blir utilgjengelege over tid, kan det påverke både kommunikasjon, informasjon og tilgangen til viktige tenester.
Det er derfor viktig å vite kvar du kan få påliteleg informasjon, kvar du kan vende deg for hjelp og korleis du kan vere best mogleg førebudd dersom ei uønskt hending oppstår.
Program
Velkomst og innleiing
Ordføraren ønsker velkomen og opnar arrangementet.
Kommunen sitt beredskapsarbeid
Beredskapsleiar og kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen held ei orientering på om lag 20-30 minutt.
Han vil mellom anna fortelje om:
- kommunen sitt beredskapsarbeid
- informasjonspunkta i Herøy kommune
- kva som skjer dersom mobilnett og internett fell ut
- kommunen si rolle ved kriser og uønskte hendingar
Etter presentasjonen blir det høve til å stille spørsmål og delta i samtale med kommunen.
Presentasjon ved Heimevernet (HV-11)
Representantar frå Heimevernet orienterer om deira rolle i totalberedskapen og korleis dei samarbeider med andre beredskapsaktørar ved kriser og ekstraordinære hendingar.
Sjå beredskapskassa og møt beredskapsaktørane
Under arrangementet kan du:
- sjå døme på ei beredskapskasse sett saman av Herøy Sanitetsforeining
- få råd og tips om eigenberedskap
- møte representantar frå Sørøyane Røde Kors
- snakke med kommunen sine representantar om beredskap og tryggleik
- stille spørsmål til Heimevernet og dei andre beredskapsaktørane
Saniteten har stand med eigenberedskap på Herøy folkebibliotek
Silje S. Mork /Herøy kommune
DSB
DAB-radio
Silje S. Mork
Her finn du informasjon dersom nettet fell ut
Herøy kommune har peika ut eigne informasjonspunkt som kan nyttast dersom mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt over lengre tid.
Informasjonspunkta i Herøy kommune er:
- Herøy rådhus
- Myrvåg omsorgssenter
Ved større hendingar kan kommunen bruke desse stadene til å dele viktig informasjon med innbyggarane.
Herøy rådhus
Silje S. Mork / Herøy kommune
Myrvåg omsorgsenter
Silje S. Mork /Herøy kommune
Eigenberedskap gjer lokalsamfunnet sterkare
God beredskap handlar ikkje berre om kva kommunen gjer. Det handlar også om kva vi som innbyggarar kan gjere sjølve. Når fleire har grunnleggjande kunnskap om beredskap og er førebudde på å klare seg nokre dagar utan hjelp, står lokalsamfunnet sterkare når noko uventa skjer.
Herøy kommune oppmodar alle innbyggarar til å delta på arrangementet og lære meir om korleis vi saman kan styrkje beredskapen i kommunen.
Velkomen til eit nyttig og lærerikt beredskapsarrangement på Herøy folkebibliotek tysdag 1. desember kl.17.30.
DSB