Herøy kommune lyser ut konkurranse om prosessleiing til nytt, samlokalisert omsorgssenter

Vi er i gang med å realisere nytt, samlokalisert omsorgssenter, og lyser no ut ei open tilbodskonkurranse for kjøp av prosessleiingstenester i prosjektet.

Illustasjon av nytt omsorgsenter - Klikk for stort bilete KI

Prosjektet er den største investeringa i kommunen vår dei komande åra. Det er sett av 377 millionar kroner i økonomiplanen, og saman med venta finansiering frå Husbanken er total prosjektramme anslått til mellom 600 og 700 millionar kroner.

Kva skal prosessleiar gjere?

Prosessleiaren blir ein sentral ressurs for kommunen i planlegging og gjennomføring av prosjektet Oppdraget omfattar mellom anna:

  • leiing, tilrettelegging og dokumentasjon av prosessar
  • analysar knytte til behov og prosjektutvikling
  • sørgje for god kommunikasjon, medverknad og samhandling med innbyggarar, brukarar, politikarar og tilsette, mv.
  • sikre at prosjektet blir gjennomført i tråd med gjeldande lover, forskrifter og kvalitetssystem

 

For nærare opplysningar vert det synt til konkurransedokumenta som ligg på databasen for offentlege anskaffingar Doffin: Prosessleiing - Nytt samlokalisert omsorgssenter | Doffin, Database for offentlige anskaffelser

Tilbodsfrist er 23. februar 2026 kl. 12:00