Resultatet markerer eit viktig økonomisk vendepunkt og stadfestar at kommunen no har ei sunn, berekraftig og ansvarleg økonomistyring.
Eit sentralt mål i arbeidet har vore å betale tilbake meirforbruket som oppstod etter rekneskapsåret 2023. Statsforvaltaren har i møte med kommunen gitt uttrykk for at dei er svært fornøgde med snuoperasjonen som er gjennomført.
Herøy kommune har på kort tid gått frå ein krevjande økonomisk situasjon til å levere eit solid resultat.
– Vi har snudd skuta og fått ho på rett kjøl. Det krev mykje å gjere slike endringar, men vi har vist at det er mogleg når alle dreg i same retning, seier ordførar Ann‑Kathrin (Tine) Storøy.
Ansvarleg budsjett og framtidsretta økonomiplan
Herøy kommune vedtok i desember eit ansvarleg budsjett og ein økonomiplan for dei komande åra.
– Vi har lagt ein plan som er stram, realistisk og framtidsretta. Dei viktigaste prioriteringane framover er bygging av nytt omsorgssenter og skulebygg. Dette er investeringar som vil styrke tenestene våre og sikre gode tilbod til både unge og eldre i åra som kjem, seier Storøy.
Ein felles prestasjon
Ordføraren understrekar at resultatet er ein felles prestasjon:
– Tusen takk til alle tilsette, politikarar, innbyggarar og næringslivet som har bidrege til at Herøy kommune no står støtt økonomisk. Det er felles innsats, vilje til omstilling og forståing for nødvendige prioriteringar som har fått oss på rett kjøl, seier Storøy.