Frå venstre: Dag Vaagen (ordførar i Sande), Ann‑Kathrin (Tine) Storøy (ordførar i Herøy) og Marte Holseker (Sørøyane Røde Kors).
Herøy kommune
Den nye avtalen skal gjere kommunen og frivillige ressursar betre rusta når det oppstår større ulykker, kriser eller andre alvorlege hendingar.
Sørøyane Røde Kors kan mellom anna bidra med søk og redning, evakuering, førstehjelp, drift av evakuerte- og pårørandesenter og støtte til innbyggjarar ved bortfall av kritisk infrastruktur.
Avtalen omfattar også samarbeid om planverk, øvingar og opplæring. Målet er eit godt og tydeleg samarbeid som styrkjer tryggleiken i Herøy.
– Dette gir auka tryggleik for innbyggjarane våre. Vi er svært glade for å ha signert avtalen med Sørøyane Røde Kors, som er ein viktig og synleg samarbeidspartnar for kommunen, seier ordførar Anne-Kathrin (Tine) Storøy.
Herøy og Sande signerte avtalane samstundes. Ulstein og Hareid har også inngått tilsvarande avtalar med Sørøyane Røde Kors.