Silje S. Mork / Herøy kommune
Målet med øvinga var å styrkje beredskapen og auke forståinga for korleis kommunen skal handtere ei alvorleg tryggleikspolitisk krise, eller ein krigssituasjon.
Til øvinga hadde kommunen invitert representantar frå Heimevernet HV-11, Sivilforsvaret, Røde Kors og Saniteten. Øvinga gav deltakarane høve til å drøfte utfordringar, avklare roller og styrkje samarbeidet mellom kommunen og dei lokale beredskapsaktørane.
Del av Totalforsvarsåret 2026
Regjeringa har bestemt at 2026 skal vere Totalforsvarsåret. Målet er å styrkje Noreg si evne til å førebyggje og handtere tryggleikspolitiske kriser og krig gjennom tett samarbeid mellom sivile og militære aktørar.
Som ein del av dette arbeidet skal alle norske kommunar gjennomføre øvinga «Noreg øver». Øvinga er utvikla av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med Statsforvaltarane.
I ein tryggleikspolitisk krise, eller krig. er kommunen si viktigaste oppgåve den same som i fredstid: å ta vare på innbyggjarane og sørgje for at kritiske tenester fungerer så langt som mogleg.
Silje S. Mork / Herøy kommune
Scenario med utfordringar for helse- og omsorgstenestene
Under øvinga arbeidde deltakarane med scenario innan helse og omsorg og desinformasjon.
I helse- og omsorgsscenarioet måtte kommunen handtere ein situasjon med fleire pasientar, færre helsearbeidarar og gjentekne bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon. Deltakarane diskuterte vidare korleis kommunen kan oppretthalde viktige helse- og omsorgstenester under slike forhold og korleis ein kan samarbeide best mogleg med andre beredskapsaktørar.
Viktig å vere førebudd
Eit anna tema under øvinga var desinformasjon og korleis feil, eller medviten misvisande informasjon, kan påverke samfunnet i ein krisesituasjon. Deltakarane drøfta korleis kommunen kan sikre truverdig informasjon til innbyggjarane og oppretthalde tillit når dei vanlege kommunikasjonskanalane blir utfordra.
Øvinga synleggjorde kor viktig det er å ha gode planar, tydelege roller og tett samarbeid mellom offentlege, frivillige og militære aktørar.
Informasjon også når teknologien sviktar
Ei krise kan føre til bortfall av straum, mobilnett og internett. Då er det viktig at innbyggjarane veit kvar dei kan få påliteleg informasjon og kvar dei kan melde frå dersom dei treng hjelp.
I Herøy kommune vil det ved behov bli oppretta informasjonspunkt ved Herøy rådhus og Myrvåg omsorgssenter. Informasjonspunkta vil vere merkte med skilt ved inngangen. Her vil innbyggjarane få oppdatert informasjon frå kommunen og melde frå om behov for hjelp dersom vanlege kommunikasjonskanalar ikkje fungerer.
Styrkjer den lokale beredskapen
Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen takkar alle som deltok i øvinga.
– Slike øvingar gir oss verdifulle erfaringar og styrkjer evna vår til å samarbeide når det verkeleg gjeld. Målet er at vi skal vere best mogleg førebudde på å handtere alvorlege hendingar og samstundes sikre at innbyggjarane får dei tenestene dei treng, seier kommunedirektøren.
Erfaringane frå øvinga blir no tekne med vidare i arbeidet med beredskap og planverk i Herøy kommune.
Fakta: Noreg øver 2026
- Del av Totalforsvarsåret 2026.
- Alle norske kommunar skal gjennomføre minst éi øving i løpet av året.
- Øvinga skal styrkje kommunen si evne til å handtere tryggleikspolitiske kriser og krig.
- Herøy kommune gjennomførte øvinga 21. september 2026.
- Deltakarar frå Herøy kommune, HV-11, Sivilforsvaret, Røde Kors og Saniteten deltok.