f.v. Dag Vaagen (ordførar i Sande), Ann-Kathrin Tine Storøy (ordførar i Herøy), Stian Skorgen Scheide (ordførar i Ulstein)
Sande kommune
Søknaden byggjer på kommunestyrevedtak i alle tre kommunane om å setje i gang ei grundig og breitt forankra utgreiing av konsekvensar, moglegheiter og utfordringar knytt til ei eventuell samanslåing.
Ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion
Herøy, Ulstein og Sande utgjer i dag ein naturleg og integrert region med tett samarbeid innan næringsliv, arbeidsmarknad, transport, beredskap og offentlege tenester. Kommunane peikar samstundes på felles utfordringar knytt til demografi, kompetansetilgang, økonomisk berekraft og stadig større krav til tenestekvalitet og spesialisering.
– Vi er tre kommunar med mykje til felles. Ved å gå grundig inn i kva ei samanslåing kan bety, ønskjer vi å sikre eit godt fagleg fundament for framtidige avgjerder, seier Ann-Kathrin Tine Storøy, ordførar i Herøy kommune.
Vil sikre solid kunnskapsgrunnlag
Utgreiinga skal belyse ei rekkje område, mellom anna tenester og fagmiljø, samfunnsutvikling, demokrati, økonomi, organisering og arbeidsgjevarspørsmål. Målet er å skape ei felles forståing av status, utfordringar og handlingsrom framover.
– Vi ønskjer å sikre at både politikarar, innbyggarar og tilsette får eit klart og godt grunnlag å vurdere framtida på, seier Stian Skorgen Scheide, ordførar i Ulstein kommune.
Kommunane planlegg å engasjere ekstern fagkompetanse for å sikre kvalitet og etterprøvbarheit i utgreiingane.
Brei medverknad og open prosess
Prosjektet vert organisert som eit felles arbeid mellom dei tre kommunane, med eit forhandlingsutval som fungerer som politisk styringsgruppe. Kommunedirektørane inngår i utvalet og styringsgruppa. Felles prosjektleiar vert engasjert for å leie prosessarbeidet. Det vert lagt stor vekt på involvering av både folkevalde, tilsette, tillitsvalde og innbyggarar.
– Ei eventuell kommunesamanslåing er ei stor og viktig avgjerd. Vi vil sikre brei medverknad og gode, transparente prosessar gjennom heile arbeidet, seier Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune.
Dersom kommunestyra vedtek å gjennomføre ei innbyggjarhøyring, vil kommunane sende ein søknad til KDD om midlar til dette arbeidet.
Tidsplan og økonomi
Den førebuande fasen av utgreiingsarbeidet er planlagt frå vinteren 2026 til hausten 2027 og omfattar fem delprosessar før kommunestyra tek endeleg stilling til om kommunane skal slå seg saman.
To av dei tre kommunane er i dag registrerte i ROBEK, og kommunane understrekar i søknaden at dei ikkje har økonomisk handlingsrom til å gjennomføre arbeidet utan statleg støtte. Kommunane viser til Inndelingslova § 11 når dei ber om full kompensasjon for kostnadane knytt til utgreiing, eksterne tenester og prosjektleiing.
Kontaktpersonar
Herøy kommune
Ordførar Ann-Kathrin Tine Storøy
Ulstein kommune
Ordførar Stian Skorgen Scheide
Sande kommune
Ordførar Dag Vaagen