Herøybrua opnar att med ledebil
Herøybrua blir no opna att for trafikk. På grunn av vêrforholda vil trafikken i første omgang bli sleppt over med ledebil.
Herøybrua
Martin Hauge-Nilsen
Vegmyndene følgjer situasjonen tett, og ordninga med ledebil vil gjelde så lenge det er nødvendig av omsyn til tryggleiken. Trafikantar må rekne med noko ventetid og oppmodast til å følgje instruksjonar frå mannskap på staden.
Kommunen takkar innbyggjarane for tolmodet medan brua har vore stengd. Vi oppmodar framleis alle om å vere merksame i trafikken og ta omsyn til dei krevjande vêrforholda.
Vi oppdaterer med ny informasjon dersom situasjonen endrar seg.
Publisert 05.10.2026 23:19
Sist endra 05.10.2026 23:19