Adobe Stock
Kva er hoppid.no Oppstart?
hoppid.no Oppstart er eit nettbasert program som går over tre veker og består av ti digitale samlingar. Mellom samlingane jobbar du konkret med forretningsideen din, og du får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Målet er at du skal sitje igjen med ein tydeleg plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.
Kven passar programmet for?
Programmet passar for deg som:
- har eit produkt, ei teneste eller ein forretningsidé du vil utvikle
- har ei bedrift du ønsker å vidareutvikle
- er motivert for å lære og villig til å jobbe aktivt med prosjektet ditt
Tilbodet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
Dette får du gjennom programmet
I løpet av oppstartprogrammet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg, basert på S‑E‑A‑M-metoden
- presentere prosjektet for rådgivarar og andre deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå andre i same situasjon
- tilgang til eit nettverk som kan hjelpe deg å nå måla dine
Innhald i samlingane
Programmet består av følgjande samlingar:
- Innleiing – Bli kjend med deltakarane, metoden og verktøyet
- Føremål – Korleis påverkar motivasjon og berekraft prosjektet ditt?
- Ressursar – Korleis kan ressursane dine bidra til konkurransekraft?
- Forretningsidé – Kva behov skal du dekke, og for kven?
- Forretningsmodell 1 – Korleis skal du dekke behovet?
- Forretningsmodell 2 – Vidare arbeid med forretningsmodellen
- Mål – Kva mål set du deg for å nå dit du vil?
- Oppgåver – Kva må gjerast for å nå måla dine?
- Prognosar – Inntening, likviditet, finansiering og formelle krav
- Presentasjon – Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen
Nye oppstartsdatoar våren 2026
Det er sett opp to nye hoppid.no Oppstart-program våren 2026. Begge går på mandagar, onsdagar og fredagar kl. 12.00–13.30.
hoppid.no Oppstart – mai 2026
Periode: 4. til 29. mai
hoppid.no Oppstart – juni 2026
Periode: 1. til 19. juni