Høyring - Ny felles gebyrforskrift for vatn og avløp i sjustjerna, Herøy kommune

Kommunestyre vedtok 1. oktober 2026 i K-sak 73/26 å legge forslag til ny gebyrforskrift for vatn og avløp ut på høyring. Dette er ei felles gebyrforskrift for kommunene i Sjustjerna. 

Eit kumlokk i ein veg. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Føremålet med felles gebyrforskrift for vatn og avløp i Sjustjerna er å sikre meir einsarta praksis, betre samarbeid og redusere sårbarheit i forvaltninga. 

Felles forskrift kan føre til nokre mindre endringar i gebyrfordeling for abonnentane i Herøy kommune. Sjølv om det er ei felles forskrift, vil likevel gebyrsatsane for kvar kommune verte fastsett einskildvis. Gebyrsatsane for Herøy kommune gjeld avløpsgebyr og vert fastsett årleg gjennom gebyrregulativet, i samband med den ordinære budsjettbehandlinga i kommunestyret.  

Forskrifta er planlagt å tre i kraft frå 01.01.2027. 

Dokumenta i saka:

VA-forskrift - Søre Sunnmøre (2025_10_20).pdf (PDF, 203 kB) 

Søre Sunnmøre - Kommentarer til VA-forskrift (2026_05_05).pdf (PDF, 576 kB)

 Har du innspel kan du sende inn dette via denne lenka. Oppgi saksnummer 26/8585.

Høyringsfrist: 16.11.2026