Høyring om heilårs bandtvang for del av Runde

Har du innspel til framlegget om utvida bandtvang for hundar på Runde?

ein person går tur med hunden i band - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Utval for samfunnsutvikling vedtok 20.09.26 eit framlegg til lokal forskrift om utvida bandtvang på del av Runde.

No er framlegget på høyring, slik at alle kan uttale seg om det. Fristen for å sende høyringsinnspel er 25. oktober 2026.. 

Aktuelle lag og organisasjonar får framlegget tilsendt.

Klikk her for å gå til skjemaet der du kan kome med høyringsinnspel. Merk: 

  • I feltet årstal skriv du 2026. 
  • I feltet mappenummer skriv du 3631.

 

Framlegget og saksdokumenta

Lenkje til saksdokument: Politiske møtedokument - Herøy kommune

Endring av forskrift om bandtvang for hund i Herøy kommune, Møre og Romsdal

§ 1 – føremål
Føremålet med forskrifta er å verne om beitedyr, og leggje vekt på tryggleik og trivsel for husdyr, vilt og menneske.

§ 2 – verkeområde
Forskrifta gjeld for hundehald på Nerlandsøy og del av øya Runde.

§ 3 - bandtvang
For Nerlandsøy og del av øya Runde (vist i kart) er det bandtvang heile året. I denne perioden skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg innstengd eller vere inngjerda.

For resten av Herøy kommune gjeld den ordinære bandtvangstida som er frå 1. april til 20. august.

§ 4 – unntak frå bandtvangsreglane
Unntak frå reglande om bandtvang går fram av hundelova § 9. 

§ 5 – straff
Brot på reglande vert straffa etter reglane i hundelova § 28 

§ 6 – iverksetting
Forskifta vert sett i kraft med det same.

Kartet under her viser området med framlegg til heilårs bandtvang på Runde. Legg merke til at det er lagt inn 2 alternativ for avgrensing ned mot gardsbruka i Runde, fram til blå grense eller fram til grøn grense. I framlegget vert ikkje gardane i Runde omfatta av den lokale forskrifta, der vert det ordinær bandtvang frå 01.04 – 20.08. 

Kart over område for bandtvang - Klikk for stort bilete Samfunnsutvikling