Influensasesongen kan bli hard: – Anbefaler alle å vaksinere seg

Det er spådd ein hard influensabølge i Noreg i vekene som kjem og kommuneoverlegen anbefaler folk å ta influensavaksine så raskt som råd er.  

Ein person som ligg på sofa med teppe rundt seg. - Klikk for stort bilete AI-generert bilde

- Vanlegvis ser vi ein topp av influensasmitte rundt juletider, men i år er den merkbart tidlegare, seier kommuneoverlege Jan Magne Remøy. 

Per i dag ligg vi på ei cirka 60% vaksinedekning på dei over 65 år, men skulle gjerne sett at talet var noko høgare.  
 
Ein kan få satt influensa- og covidvaksina ved Herøy Helsestasjon, tlf.700 81450. 
Fosnavåg Helsehus kan og tilby influensavaksinering, tlf. 700 85500.