Informasjon rundt ei organisatorisk endring innan pleie- og omsorg

Herøy kommune planlegg ei endring i organiseringa av delar av pleie- og omsorgstenesta frå 1.desember 2026, der raud og grøn seksjon blir omorganisert til éin felles seksjon.

sjekepleier held pasient i hand - Klikk for stort bilete i-stock

Kva betyr dette for pasientar og pårørande?

For dei som bur i seksjonane raud og grøn, vil kvardagen i stor grad vere som før. Det er fokus på at oppfølginga og pleia av bebuarane blir som før, med kjende tilsette. 

Sidan mange av dei tilsette allereie samarbeider godt på tvers av seksjonane i dag, særleg om natta og når det er behov for sjukepleiarfagleg oppfølging elles, så ønskjer ein no å byggje vidare på dette tverrfaglege samarbeidet.

 Kvifor gjer vi denne endringa?

Bakgrunnen for samanslåinga er eit ønskje om å:

  1. styrke fagmiljøet
  2. leggje betre til rette for samarbeid
  3. bruke kompetansen på ein god og fleksibel måte
  4. sikre gode tenester i heile kommunen, også framover

Samstundes arbeider kommunen kontinuerleg med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene som er politisk vedtekne.

Kva blir annleis?

Den største endringa er knytt til organiseringa:

  1. seksjonane får éin felles leiar
  2. dei tilsette blir ein del av ei samla personalgruppe, men med vekt på at bebuarane skal bli oppfølgde av kjende tilsette som før

Dette vil gi betre moglegheiter for samarbeid og for å bruke ressursane der behovet er størst.

Seksjon Raud og Grøn vil framleis vere somatiske langtidsplassar, slik dei er i dag. Større endringar i bruken av plassane vil eventuelt bli vurderte politisk i samband med nytt omsorgssenter.

Kva med bemanninga?

I samband med samanslåinga vil det bli gjort justeringar i organisering og ressursbruk. Det inneber mellom anna:

  1. reduksjon i éi leiarstilling
  2. omfordeling av ressursar i tråd med behov
  3. styrking av bemanninga ved Eggesbøtun

Det blir no arbeidd med ein forsvarleg bemanningsplan for den nye seksjonen. Dette skjer i tett samarbeid med dei tilsette, tillitsvalde og verneombod, slik at ein finn gode løysingar for alle partar. 

 

Vegen vidare

Fram mot samanslåinga vil vi arbeide vidare med å:

  1. finne gode og føreseielege løysingar for organiseringa
  2. ta vare på både pasientar og tilsette i prosessen
  3. sikre ein trygg og velfungerande kvardag

Etter samanslåinga vil kommunen også arbeide vidare med å utvikle eit rehabiliteringstilbod ved korttidsavdelinga i Myrvåg.

 Har du spørsmål?

Vi veit at endringar kan skape spørsmål, og ønskjer å vere opne og tilgjengelege i denne prosessen. Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir, eller lurer på noko. Målet vårt  er at både pasientar, pårørande og andre skal oppleve tryggleik og god informasjon- også når vi gjer endringar. Eventuelle spørsmål kan rettast til:

 Kontaktperson: Gry Dragsund-Vike

Avdelingsleiar pleie og omsorg
Telefon: 907 85 178