iStock
Ønskjer du å vite meir om kva hjelp du kan få gjennom Småjobbssentralen? Eller treng du hjelp til å registrere eit oppdrag?
Torsdag 12. november inviterer vi til eit ope informasjonsmøte på Svingen. Her vil vi fortelje om kva type oppdrag Småjobbssentralen kan hjelpe med, korleis ordninga fungerer, og kva rammer som gjeld for oppdraga.
Det blir også mogleg å få hjelp til å registrere oppdrag, eller stille spørsmål dersom du er usikker på om oppgåva du treng hjelp til passar inn i ordninga.
Tid: Torsdag 12. november kl. 14.30–15.30
Stad: Svingen 4
Møtet er ope for alle interesserte, og det er ikkje nødvendig med påmelding.
Velkomen!