Herøy kommune har fått tilskot frå Miljødirektoratet til å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald. Planen gjeld naturen i heile kommunen, både i sjø og på land. Runde Forsking og Asplan Viak AS utarbeider planen på oppdrag frå kommunen. På møtet legg dei fram dei førebelse funna.
Målet med planen er å synleggjere naturmangfaldet og verdiane i Herøy, auke medvitet om påverknader og truslar mot naturmangfaldet, og bidra til ei meir robust og berekraftig forvaltning.
No treng vi lokalkunnskapen din. Vi treng innspel på kvar det finst verdifull natur og naturmangfald, kva som truar naturen og kva vi kan gjere for ta vare på naturen i framtida. Alle er velkomne: innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre interesserte.
Her kan du lese Utkast til planen (PDF, 9 MB)og sjå ein foreløpig versjon av Kartløysinga
Kan du ikkje kome? Då kan du gi DIGITALT INNSPEL vi ønskjer også innspel om du ser feil eller manglar i utkastet til planen.