F.v Stian S. Scheide, Ann-Kathrin (Tine) Storøy, Dag Vaagen.
Silje S. Mork /3K kommunikasjon
Herøy, Sande og Ulstein har gitt Telemarkforsking i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som dei tre kommunane kan nytte i diskusjonane om framtidig kommunestruktur.
Torsdag 24. september er det felles kommunestyremøte i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes, der Telemarkforsking vil presentere dette kunnskapsgrunnlaget for første gong.
Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarkforsking vil halde presentasjonen.
Kommunestyremøtet byrjar kl. 18.00, og er ope for publikum
Kommunestyra får anledning til å stille spørsmål til presentasjonen, før kommunestyremøtet vert avslutta.
Etter dette vil tilhøyrarane få høve til å stille spørsmål til Telemarksforsking om kunnskapsgrunnlaget.
Presentasjonen i kommunestyremøtet vert strøyma på nett.
Lenke til strøyminga