Inviterer til open dag ved Fosnavåg brannstasjon

Kva gjer de dersom røykvarslaren går, og den vanlege vegen ut er sperra? Herøy brann og redning inviterer små og store til open dag ved Fosnavåg brannstasjon søndag 20. september. Oppmodinga til alle som kjem, er å ta brannøvinga med heim. 

Herøy brann og redning - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning

– Vi gler oss til å møte innbyggjarane og vise fram brannstasjonen. Open dag er òg ei fin anledning til å snakke om kva alle kan gjere for å bli tryggare heime, seier Frank Steinsvik, brannsjef i Herøy brann og redning. 

På open dag kan publikum møte brannmannskapa, sjå på brannbilane og delta i aktivitetar for borna som spyling på blink. Det vert servert pølse med brød. Dei besøkande kan òg teste kunnskapane sine i Brannvernforeningen sin «Nasjonale brannquiz». I kvart fylke blir éin vinnar trekt ut og får 10 000 kroner. Har du sløkkjeutstyr heime du er usikker på, kan du ta det med og få det sjekka av FOSNOT, som har eigen stand. 

– Vi håpar mange tek turen, både born og vaksne. Vi svarar gjerne på spørsmål og hjelper folk med å kome i gang med ei enkel brannøving heime, seier Steinsvik. 

Brannbil Herøy Brann og Redning - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning

Fleire har øvd – få gjer det jamleg

Ei ny undersøking som Respons Analyse har gjennomført for Brannvernforeningen, viser at 41 prosent av nordmenn har hatt minst éi brannøving der dei bur no. I fjor var talet 25 prosent. Likevel svarer berre 18 prosent at dei øver minst éin gong i året.

Herøy brann og redning støttar Brannvernforeningen si oppmoding om å gjere brannøving til ein fast vane. 

– Alle i bustaden må vite kva dei skal gjere dersom alarmen går, korleis dei kan kome seg ut, og kvar dei skal møtast. Snakk gjennom planen saman, og øv på han i praksis.For born er det særleg viktig å gjennomføre brannøvinga på ein roleg og trygg måte saman med vaksne

Ha ein plan B

Undersøkinga viser òg at nærare 90 prosent ikkje har øvd på kva dei skal gjere dersom den vanlege vegen ut ikkje kan nyttast. Berre 37 prosent opplyser at dei har kontroll på kva dei skal gjere dersom vegen ut er sperra av røyk eller flammar. 

– Når de øver heime, må de òg snakke om kva de gjer dersom den vanlege vegen ut er sperra. Har de ein plan B? Ta gjerne med spørsmål om branntryggleik når de vitjar oss på open dag, seier Lene Utseth, førebyggande ved Herøy brann og redning. 

I samband med Nasjonal brannøving i veke 38 blir alle husstandar oppmoda til å gjennomføre ei enkel brannøving: Test røykvarslarane, sjekk sløkkjeutstyret, gå gjennom rømningsvegane, avtal ein møtestad ute og snakk om kva kvar enkelt skal gjere dersom alarmen går. 

brannovelse.no kan alle heilt gratis skreddarsy ei brannøving til sitt eige heim og sine eigne føresetnader. 

Velkomen til open dag

  • Stad: Fosnavåg brannstasjon, Sjukeheimsvegen 12
  • Dato: Søndag 20. september
  • Tid: 13:00 – 15:00

 

Folkemengd - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning Fosnot stand  - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning