Dick Brevik / Kystverket
Den nye kaia er bygd for å møte behova i dagens fiskeflåte og annan aktivitet i hamna. Den gamle kaia var ikkje lenger tilpassa behova til bruken i dag. Kystverket jobbar med å leggje til rette for trygge og gode hamner langs kysten, og den nye allmenningskaia i Kvalsund er ein del av dette arbeidet.
Kaia har betre fortøyingsmoglegheiter, høg lastekapasitet og tilgang til landstraum for fartøy som ligg til kai. Prosjektet har hatt ei byggetid på seks månader og ei samla kostnadsramme på 15,5 millionar kroner.
Sondre Rørstad / Infrakon
– Med tilbakeføringa av dei statlege fiskerihamnene har Kystverket fått eit viktig ansvar for å utvikle gode hamneanlegg langs kysten. Vi har bygd denne nye kaia her i Kvalsund fordi den vil vere eit viktig løft for hamna og for dei som brukar henne i det daglege, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for Transport, hamn og farlei i Kystverket.
Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom Kystverket, Herøy kommune og entreprenøren Infrakon. Under bygginga vart grunnarbeidet utført med elektriske maskiner for å redusere CO₂-utsleppa mest mogleg.
– Hamna er viktig både for næringsliv og lokalsamfunn, og denne utbygginga vil bidra til vidare aktivitet og utvikling i Kvalsund. Vi er glade for det gode samarbeidet som har gjort prosjektet mogleg, seier ordførar Ann-Katrin (Tine) Storøy i Herøy kommune.
Den offisielle markeringa finn stad ved Kvalsund hamn onsdag 20. mai klokka 11.00–12.00. Programmet omfattar talar frå Herøy kommune, Kystverket og Fiskarlaget, samt offisiell opning av kaia.
Arrangementet er ope for alle, og det blir servert kaffi og kjeks ved kaia.