Inviterer til TV-aksjonshelg for ei viktig sak

Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå krig eller konflikt. Søndag 18.oktober går årets TV-aksjon til Flyktninghjelpa (NRC). I Herøy blir det ei heil helg fylt med aktivitetar, kultur og fellesskap til inntekt for menneske på flukt.

Nokre av medlemmene i TV-aksjonskomiteen i Herøy 2026. Frå venstre: Maria Sporstøl Leine frå Fosnavåg handelsforeining, Elyn Baltzersen frå Kvalifiseringssenteret, rådgjevar kommunikasjon og beredskap Silje Scheide Mork i Herøy kommune, ordførar Tine Storøy, Britt Paulsen frå Herøy frivilligsentral og Gry-Elisabeth Lillenes Kempton, som representerer skulane. Komitémedlemmane , Henrik Myklebust, Camilla Storøy, Karl-Oskar Sævik, og Cecilie Zahl, Sissel Ødegård var ikkje til stades - Klikk for stort bileteNokre av medlemmene i TV-aksjonskomiteen i Herøy 2026. Frå venstre: Maria Sporstøl Leine frå Fosnavåg handelsforeining, Elyn Baltzersen frå Kvalifiseringssenteret, rådgjevar kommunikasjon og beredskap Silje Scheide Mork i Herøy kommune, ordførar Tine Storøy, Britt Paulsen frå Herøy frivilligsentral og Gry-Elisabeth Lillenes Kempton, som representerer skulane. Komitémedlemmane Henrik Myklebust, Camilla Storøy, Karl-Oskar Sævik, og Cecilie Zahl, Sissel Ødegård var ikkje til stades Herøy kommune

Nær 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg stad å bu. Gjennom TV-aksjonen 2026 skal Flyktninghjelpa bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buvilkår i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.

NRK TV-aksjonen 2026 Syria Barn og ballonger_Tina Abu-Hanna_NRC Flyktninghjelpen. - Klikk for stort bileteNRK TV-aksjonen 2026 Syria Barn og ballongerTina Abu-Hanna_NRC Flyktninghjelpen. Tina Abu-Hanna / NRC Flyktninghjelpen.

Pengane frå aksjonen går til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp som sikrar bustad- og eigedomsrettar.

Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Det gir tryggleik, vern og ein stad å høyre til. Når menneske på flukt får ein stad å bu, blir det lettare å finne arbeid og sende borna på skule. Slik kan ein ved legge forholda til rette for dei der dei er, bidra til ein betre kvardag og  legge eit godt grunnlag for  framtida.

I Herøy kan du vere med og bidra gjennom fleire arrangement i aksjonshelga.

Sentrumsløpet fredag 16. oktober

Fleire personar som spring - Klikk for stort bilete I-stock

 Fredag 16. oktober kl.15.00-15.45 inviterer vi til Sentrumsløpet i Fosnavåg sentrum.

Dette er eit arrangement som passar for alle, anten du vil springe, gå eller ta deg fram i rullestol. Du treng ikkje vere topptrent. Det viktigaste er å vere med og bidra til ei god sak.

Løypa startar ved SpareBank 1 og går vidare rundt Ringo og Minneriet, før ho held fram forbi Rema, Jafs og A. Sævik.

Dersom du ønskjer det, kan du skaffe sponsorar som gir eit valfritt beløp til TV-aksjonen for kvar runde du gjennomfører.

Ta gjerne med ein ven, kollega eller familiemedlem. Det blir god stemning, høgt aktivitetsnivå og utdeling av vandrepokalar i to ulike klasser.

Familiedag i sentrum laurdag 17. oktober

Laurdag blir det aktivitetar for både små og store i Fosnavåg sentrum.

Klokka 11.00 startar familieløpet i Parken. Her kan barna springe ei, eller fleire rundar, medan publikum heiar frå sidelinja.

Det blir to aldersgrupper:

  • 0-6 år
  • 6-12 år

Alle deltakarane får medalje, heider og ære.

Samtidig inviterer Kvalifiseringssenteret for innvandrarar og flyktningar til pop-up-kafé i dei tidlegare Carat-lokala på Fosnavåg Brygge. Her blir det sal av mat og drikke, og heile inntekta går til TV-aksjonen. Klovnen Fix kjem også på besøk og skaper god stemning med lirekasse og ballongar. Det blir høve til å få fletter i håret og ansiktsmåling for barna.

Lesestund på biblioteket. Dette passar best for barn som er mellom 6-9 år. Her er det begrensa med plass, så her er det først til mølla. Send ein e-post til biblioteket@heroy.kommune.no der de fortel kor mange de blir.

Butikkane i sentrum held ope til kl.15.00.

Støttekonsert i Fosnavåg konserthus søndag 18. oktober

Frå kl.12.30 serverer Thon Hotel Fosnavåg kaffi, vafler og kaker i lobbyen. Dei som ønskjer det, kan kjøpe noko godt og samtidig gi eit bidrag direkte til TV-aksjonen.

TV-aksjonshelga blir avslutta med gratis støttekonsert i Fosnavåg konserthus søndag 18. oktober.

Konserten startar kl. 14.00 og har gratis inngang. 

Publikum kan sjå fram til eit variert program med mellom anna desse programpostane:

  • Runde Blandakor
  • Suel, Ester og Fred
  • Herøybelgen Trekkspelklubb
  • Vlad
  • fleire andre artistar og innslag

Alle innsamla midlar går til TV-aksjonen.

Konserten er støtta av Olympic Kulturfond.

Ta med familie og vener til ei inspirerande stund fylt med musikk, engasjement og fellesskap. Og du rekk framleis handballkampen som startar kl. 16.30.

Slik kan du gi ditt bidrag

I Herøy skjer innsamlinga digitalt gjennom Vipps til 2133 og bankkonto 8380.08.09005 . Informasjon om korleis du kan støtte TV aksjonen i år finn du her. Kvar krone er med på å gi menneske på flukt ein tryggare kvardag og håp for framtida.

Gi ein trygg stad å sove - Klikk for stort bilete NRC Flyktninghjelpen