Svein Arne Orvik
Eit krevjande, men samlande år
Julehøgtida nærmar seg, og vi kan alle håpe på fine juledagar. Året 2025 har vore eit krevjande økonomisk år, men også eit år der vi har vist at vi står saman når det trengst.
Takk til alle som bidreg
Eg vil takke dei tilsette i kommunen, administrasjonen og dei folkevalde for ein tøff, men nødvendig innsats for å få betre kontroll på økonomien i Herøy. Mange vanskelege val er tekne, og arbeidet som er gjort til no betyr mykje for framtida vår.
Eg vil sende ein ekstra stor takk til alle som er på jobb i jula i kommunen, og elles i alle næringar som held samfunnet i gang slik det er mogleg for mange av oss andre å ha nokre fridagar.
Ein ekstra stor takk går òg til næringslivet og til alle innbyggjarar som kvar dag bidreg i Herøysamfunnet, med sitt engasjement for lokalsamfunnet vårt.
Samspelet mellom kommune og lokalt næringsliv, og viljen til å sjå moglegheiter sjølv når det er utfordringar, gjer Herøy til ein betre kommune å arbeide, bu og leve i.
Eg vil også rette ei stor takk til alle som legg ned ein uvurderleg innsats gjennom frivillig innsats i Herøy, på små og store måtar. Det er dokke som byggjer felleskap, skaper trivsel og gjer Herøy kommune rikare.
Ei oppmoding i jula
Når vi no går inn i juletida, vil eg oppmode oss alle til å sjå kvarandre litt ekstra. Det er ikkje alle som har familie eller vener rundt seg i jula. Kanskje kan ein telefon, ei melding eller eit lite besøk bety meir enn vi trur. Små handlingar kan gjere ein stor forskjell.
Takk for innsatsen
Takk til kvar og ein av dykk for innsatsen i 2025 – for politisk arbeid, for administrativ kraft, og takk til det flotte næringslivet vårt og for alt lokalt frivillig engasjement i Herøy.
Eg ønskjer dykk alle ei riktig god og fredfull jul, og eit godt nytt år i 2026 – med nye moglegheiter.