Kaja Runde får frivilligprisen i Herøy for 2022

– Ho er eit ja-menneske og hjelper til alle stadar der det trengst. Saman med prisvinnaren føler folk seg sette og høyrde, står det i grunngivinga for prisen.

bilde av vinnaren og juryen ved utdelinga av frivilligprisen for 2022 - Klikk for stort bileteFrå venstre: styreleiar Sigurd Nygard i Herøy frivilligsentral, salsleiar Fred Hansen i Granne forsikring, prisvinnar Kaja Runde, ordførar Bjørn Prytz. Thomas Sporsheim
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Prisen blei delt ut av ordførar Bjørn Prytz under kommunestyremøtet torsdag. Frivilligprisen er eit årvisst samarbeid mellom Granne forsikring og Herøy kommune.

– Legge til rette for frivillige

Ordføraren, styreleiar Sigurd Nygard i Herøy frivilligsentral og salsleiar Fred Hansen i Granne forsikring sit i juryen.

– Det offentlege har verken midlar eller kapasitet til å utføre det dei frivillige gjer. Det er derfor viktig at det vert lagt til rette for at flest mogleg kan finne det meiningsfylt å vere med i dette viktige arbeidet, sa ordføraren innleiingsvis.

– Eit stort hjarte for natur og miljø

Slik er grunngivinga frå juryen:

«Prisvinnaren har i ei årrekke vore primus motor for blandakoret og barnekoret på Runde. Ho står i frontlinja for Rundedagen, der ho har ein finger med i dei fleste aktivitetane og spesielt «Spelet om Rundegullet».

Ho har eit stort hjarte for natur og miljø, og har mellom anna stått i bresjen for fleire samlingar til støtte for fuglar og rein natur. Prisvinnaren er ein sann pådrivar for FN sine berekraftsmål.

Ho har hatt guida turar på Runde for å fortelje både om øya Runde og om fuglefjellet. Ho kjenner godt Rundehistoria, har mellom anna vore aktiv dykkar og på leit etter Akerendam og gullskatten.

Ho er eit ja-menneske, og hjelper til alle stadar der det trengs. Ho er aktiv på Runde bedehus i ulike samanhengar, som til dømes ved innsamlingsaksjonar, med mellom anna å få tak i bøsseberarar, bake kaker og alt mogleg anna.

Sjå reaksjonen frå prisvinnar Kaja Runde på Facebook-sida vår.

Ho er aktiv i Indias Barn, har vore med på oppstart av landsbyar i India, er i sentralstyret, og har skaffa hus og fadrar til mange barn og familiar i Runde- og Herøy village.

Prisvinnaren har ei årrekke vore aktiv i politikken i Herøy. Ho er oppteken av dei sokalla mjuke verdiane – mellom anna korleis dei gamle og sjuke har det. Ho tek alle som treng det under sine vengjer.

Saman med prisvinnaren føler folk seg sette og høyrde, og ho stiller opp for alle som treng det.

Ho er flink til å ta vare på gamle skikkar, historier, song og musikk, så i tillegg til å vere ein verdig vinnar av frivilligprisen i Herøy for 2022, er ho også ein sterk og viktig kulturberar.

Alle her har for lengst skjønt at Herøy sin frivilligpris for 2022 går til Kaja Runde.»