Kjekt med samarbeid - Herøy kommune

Kjekt med samarbeid

Gjennom dette skuleåret har elevane på 4. trinn Blåhaugen og 10 C på Herøy Ungdomsskule hatt eit kjekt samarbeid.

Vinnarane Leonard, Stella og Emilie - Klikk for stort bileteVinnarane Cecilie Zahl

Elevane frå ungdomsskulen har skrive flotte  og lærerike faktatekstar om dyr og land. Desse tekstane har elevane på Blåhaugen kosa seg skikkeleg med. Dei har lese, lært og laga nye presentasjonar. Lærerikt og kjekt for begge klassene.

Fredag før påske var 4. trinn på besøk med 10 C på Herøy Ungdomsskule. Der vart alle elevane blanda i gruppe, så spelte dei Kahoot. Dette vart ein spennande konkurranse. Vinnarlaget var kjempeflinke!

Elevane samla i klasserommet - Klikk for stort bileteGod stemning i klasserommet Cecilie Zahl

 Alle var einige om at dette var eit kjekt samarbeid, og at vi vil prøve å møtast igjen før sommaren.