Klar for Stikk UT! vinter med to gode nyheiter

Frå 1. desember er friluftsråda og skikrinsen i fylket klare med ein ny Stikk UT! vintersesong. I år er det to gode nyheiter: Stikk UT! i Lag blir lansert og det er laga eigne vinterkart for kvar kommune som skal gjere det endå enklare og kjekkare å kome seg ut på tur.

Fv. Hilde Ellingsæter, Stig Aambø og Liv Synnøve Hoel  - Klikk for stort bileteFv. Hilde Ellingsæter, Stig Aambø og Liv Synnøve Hoel Stikk UT!

– Vinteren er ei flott tid for å oppleve naturen. Frisk luft, snø under skoa, fint lys og små opplevingar langs turvegen kan gi både energi og godt humør. Frå 1. desember kan turglade i heile Møre og Romsdal igjen registrere turar gjennom Stikk UT! vinter, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Stikk UT! er eit tilbod for alle – uansett alder, turerfaring eller form. Oppmodinga frå friluftsråda er å bruke Stikk UT! til å vere aktiv i den kalde, men fine årstida også. Turmåla i Stikk UT! varierer både i lengde og utfordringsgrad, og det finns turar for alle.

Finn turane i ditt nærmiljø


Denne vinteren er det laga eigne digitale vinterkart for kvar kommune. Kartet gir ei samla oversikt over Stikk UT!-turmåla i kommunen og gjer det enkelt å finne nye turmål og kanskje oppdage nærområdet på ein ny måte.

Kart kan lastast ned både frå stikkut.no, og frå nettsidene til Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. 

Det er totalt 471 turmål i fylket denne vintersesongen. 314 av dei er fotturar og 157 er skiturar.

Turmål i Herøy 

Børa på NerlandsøyaFotturBlåhttps://kart.stikkut.no/boera-paa-nerlandsoeya
Gamleveien på RemøyFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/gamleveien-pa-remoy
Golleneset på NerlandsøyFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/golleneset-pa-nerlandsoy
Herøy gard FotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/heroy-gard
Hornseten FotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/hornseten
Kjelsund - GapahukFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/kjelsund-gapahuk
KleppeåsenFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/kleppeasen
Mørkevatnet MoltustrandaFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/morkevatnet-moltustranda
SandvikskaretFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/sandvikskaret
Skitnekleiva - Trafo DjupvikaFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/skitnekleiva---trafo-djupvika
StemmedalsvatnetFotturGrønnhttps://kart.stikkut.no/stemmedalsvatnet
Teigetua frå butikken på NerlandsøyaFotturBlåhttps://kart.stikkut.no/teigetua-fra-butikken-pa-nerlandsoya

Stikk UT! i Lag


Denne vinteren blir det også mogleg å vere med på Stikk UT! i Lag. Den nye satsinga er gratis for deltakarane og skal gjere det enklare å vere fleire saman om turaktiviteten. Her kan deltakarane motivere kvarandre og skape gode turvanar i fellesskap.

– Stikk UT! handlar ikkje berre om å registrere turar, men også om turglede, fellesskap og motivasjon. Med Stikk UT! i Lag kan turaktiviteten bli ein sosial arena der ein inspirerer kvarandre til å kome seg ut, enten ein er ein vennegjeng, eit idrettslag, ei skigruppe, ei foreining eller anna, seier Ellingsæter.

Oppdatert løypeinformasjon


I vinter får skiløparar i Møre og Romsdal enklare tilgang til både skiturmål og oppdatert informasjon om preparerte skiløyper – heilt gratis. I Stikk UT!-appen finn du ein direkte link til Skiappen med status på preparering i skiløypene.

– Vi håpar dette kan inspirere endå flere til å prøve seg på ski, oppdage nye turmål og bruke dei flotte skiløypene vi har i regionen. Det treng ikkje vere lange eller krevjande skiturar, det viktigste er å finne ein tur som passer for deg, seier Stig Aambø, dagleg leiar i Møre og Romsdal Skikrets. 

Små turar – store opplevingar


Det treng ikkje vere langt eller krevjande for å gi ei god turoppleving. Ein tur ut i nærområdet, ein liten omveg på veg heim eller eit besøk til eit nytt turmål kan vere nok til å gi påfyll i kvardagen.

– Vi håpar Stikk UT! vinter kan vere ein liten motivasjon til å kome seg ut døra, også på dagar det kanskje fristar mest å bli inne. Det viktigaste er å kome seg ut, oppleve naturen og kjenne på gleda ved å vere på tur, seier Ellingsæter.

Stikk UT! vinter startar 1. desember og varer til 15. april. Turmåla finn du i Stikk UT!-appen og på stikkut.no. Her kan du finne informasjon om turane, planlegge turen og registrere besøket ditt.

Karta finn ein på denne sida: 
https://friluftsraadet.no/aktuelt/velkommen-til-stikk-ut-vinter-2026-27

Meir informasjon og påmelding til Stikk UT! i LAG (frå 1. desember) kan ein gjere frå denne lenka:
https://www.stikkut.no/stikk-ut-i-lag