Om få dagar fyllest vegane igjen av born på veg til skulen. Då er det ekstra viktig at bilistar, syklistar og fotgjengarar kan sjå kvarandre i tide. Difor oppmodar vi alle hageeigarar om å sjå over hekkar, busker og tre langs vegar, fortau, gang- og sykkelvegar.God sikt kan vere avgjerande for å førebyggje ulukker, særleg for dei minste og mest sårbare trafikantane.
Schjelderup, Stavanger kommune
Ta ein sjekk rundt eigedomen din
Vegetasjon som veks ut mot veg eller fortau, kan skape farlege situasjonar. Små barn, syklistar og andre mjuke trafikantar, kan bli gøymde bak ein høg hekk, eller bli tvinga ut i vegbana dersom greiner og busker tek for stor plass.
Det er elles svært viktig at sikta er god ved avkøyrsler og kryss.
Dette må du passe på
- Hekkar og gjerde i frisiktsona ved avkøyrsler og kryss skal ikkje vere høgare enn 0,5 meter.
- Busker og vegetasjon må ikkje hindre sikta for bilistar, syklistar eller fotgjengarar.
- Trafikkskilt, vegnamnskilt og gatelys skal vere godt synlege.
- Greiner må ikkje henge ut over fortau, gang- og sykkelvegar, eller køyrebaner slik at dei er til hinder for ferdsla.
Har du tre langs veg, fortau eller gang- og sykkelveg, må greinene ikkje henge lågare enn 5 meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må greinene ikkje henge lågare enn 3 meter. Som eigar av trea har du også ansvar for å fjerne greiner som fell ned.
Statens vegvesen
Eit felles ansvar
Eigarar, eller brukar, av ein eigedom har ansvar for at vegetasjonen på eigedomen ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar.
Ein liten innsats med hekksaksa kan gjere skulevegen tryggare for mange. Vi oppmodar derfor alle til å ta ei runde i hagen før skulestart og sjekke om hekkar, busker, eller tre, treng ein klipp.
iStock
iStock
Takk for at du bidreg til ein tryggare trafikk for alle.
Les meir om reglane for klipping av hekkar og busker på nettsidene til Statens Vegvesen