Kom med kandidatar til kulturprisane våre!

Det er tid for å nominere til Kulturprisen og Ungdommens kulturpris. Send inn kandidatar seinast 1. september.

scenelys og gullfarga glitter - Klikk for stort bilete Adobe Stock

I Herøy har vi mange eldsjeler som gir mykje av fritida si. Dei fortener å bli heidra! Til det har vi kvart år to prisar:

  • Kulturprisen blir tildelt person(ar), organisasjonar/lag, institusjonar som i si fritid har eller har hatt stor tyding for kulturlivet i Herøy.
  • Ungdommens kulturpris blir tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, lag eller organisasjonar som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom i Herøy på fritida.

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler prisane. 

Slik nominerer du

Er du nysgjerrig på kven som har fått prisen før? Vil du sjå kva vinnarane får?

Har du nominert nokon eit anna år, utan at dei fekk pris? Då er det berre å nominere om att.

Merk deg at 1. september 2025 er fristen for å nominere til begge prisane.

Vi gler oss til å få forslaget ditt!