Kommunane på ytre Søre Sunnmøre går saman om felles beredskapsråd

Kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid har starta arbeidet med å etablere eit felles, interkommunalt beredskapsråd. Målet er å styrke samordninga og samarbeidet i møte med større kriser og uønskte hendingar som rammar fleire kommunar samtidig.

Gruppe personar som står framfor inngangsdøra til Sande rådhus. - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Bent Arild Grytten, kommunedirektør Hareid; Trond Arne Rossi Agle, kommunedirektør Herøy; Erlend Friestad, beredskapsrådgivar Hareid; Oskar Grimstad, varaordførar Hareid; Silje Scheide Mork, beredskapsrådgivar Herøy; Stian Skorgen Scheide, ordførar Ulstein og Renate Rossi Aglen, kommunedirektør Sande. Foran frå venstre: Oddbjørn Indregård, assisterande kommunedirektør Sande; Tine Storøy, ordførar Herøy; Dag Vaagen, ordførar Sande; Alf Marius Grønnevik, fagansvarleg beredskap Ulstein og Jarl Martin Møller, kommunedirektør Ulstein. Tove Cathrine Kvamme

Bakgrunnen er ei erkjenning av at kriser sjeldan held seg innanfor kommunegrenser. Samstundes opererer mange av dei viktigaste beredskapsaktørane våre regionalt, på tvers av kommunar. Eit felles beredskapsråd skal bidra til betre oversikt, informasjonsdeling og samhandling – utan å svekkje den lokale beredskapen.

Sande tok initiativet

Det var Sande kommune som tok initiativ til samarbeidet og inviterte nabokommunane med. Hareid, Ulstein og Herøy har takka ja, og denne veka vart det halde eit første dialogmøte på Sande rådhus. Deltakarar var ordførarar, kommunedirektørar og beredskapskoordinatorane i dei fire kommunane.

Møtet var eit oppstartsmøte der kommunane drøfta behov, rammer og vidare prosess for eit interkommunalt beredskapsråd. Det vart ikkje gjort vedtak, men deltakarane var samde om retninga vidare.

 

Skal ikkje erstatte lokal beredskap

Eit viktig premiss i arbeidet er at eit interkommunalt beredskapsråd ikkje skal gå på kostnad av lokal kontakt eller lokalt ansvar. Kommunane vil framleis ha ansvar beredskapen og tryggleiken til sine innbyggarar, og kommunane ønsker framleis å ha god kontakt med aktørane på kommunenivå, til dømes frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv.

Det felles rådet skal vere eit overordna samordningsorgan – særleg retta mot større kriser, alvorlege hendingar og situasjonar der fleire kommunar blir råka samtidig. Dette gjeld både naturhendingar, større ulukker og alvorlege tryggingssituasjonar.

Samarbeidet speglar også korleis sentrale aktørar i beredskapen er organiserte i dag. Politi, Sivilforsvaret, Heimevernet, større frivillige organisasjonar og andre samarbeidsaktørar opererer i stor grad på tvers av kommunegrenser, og har behov for felles møteplassar og samordning.

Interkommunalt beredskapsråd er ingen ny oppfinning, mellom anna har Ålesund, Giske, Haram og Fjord felles råd, det same har Asker og Bærum. Ørsta og Volda held også på å etablere eit felles råd.

 

Fast kjerne og inviterte aktørar

Slik det no er skissert, skal det interkommunale beredskapsrådet bestå av ei fast kjerne med kommunale representantar frå dei fire kommunane. Desse vil ha forpliktande oppmøte.

I tillegg blir det lagt opp til eit nivå med inviterte aktørar, som kan delta etter behov og tema. Dette kan til dømes vere politi, Sivilforsvaret, Heimevernet, helseføretak, frivillige organisasjonar og sentrale infrastruktureigarar.

Rådet er tenkt å møtast to gonger i året, gjerne samordna med møte som allereie er etablerte, som faste møte med Heimevernet eller kommunedirektør- og ordførarmøte. 

 

Reglement og politisk handsaming

Beredskapskoordinatorane i kommunane skal no, med Sande kommune som hovudansvarleg, arbeide vidare med å utarbeide eit ferdig reglement og saksframlegg som skal handsamast i dei fire kommunestyra.

Reglementet slår fast at beredskapsrådet ikkje kan forplikte dei enkelte kommunane verken juridisk eller økonomisk. Eventuelle avgjerder som får økonomiske eller juridiske konsekvensar, må behandlast og vedtakast i kvar enkelt kommune. 

Når reglement og saksframlegg er klare, skal saka handsamast politisk i kommunestyra i dei fire kommunane. Dette skal sikre folkevald forankring før eit eventuelt felles beredskapsråd blir etablert.

 

Del av eit større bilete

Arbeidet med eit interkommunalt beredskapsråd må også sjåast i lys av det nasjonale vektlegginga på totalberedskap og styrking av den sivile motstandskrafta. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) peikar i si rettleiar om kommunale beredskapsråd på at dei er viktige arenaar for å styrke samhandling før kriser oppstår. Velfungerande beredskapsråd skal bidra til felles situasjonsforståing, betre koordinering og kjennskap mellom aktørane, slik at ein står betre rusta når alvorlege hendingar skjer. Tett og strukturert samhandling i fredstid blir trekt fram som avgjerande for god handtering i krise og krig.