Kommunedelplan for Myrvåg lagt ut til offentleg ettersyn

Herøy kommune har lagt fram forslag til ny kommunedelplan for Myrvåg og sendt planen ut til offentleg ettersyn. 

Svein Arne Orvik

Kva er ein kommunedelplan?

Ein kommunedelplan er ein overordna plan som fastset korleis eit avgrensa område skal utviklast i framtida. Planen er juridisk bindande og gir føringar for mellom anna bustader, næring, handel, offentlege tenester, grøntområde og infrastruktur. Kommunedelplanen vil erstatte gjeldande kommuneplan for området og legg rammene for framtidige reguleringsplanar.

 

Myrvåg som kommunedelsenter

Eit hovudmål med planen er å vidareutvikle Myrvåg som kommunedelsenter og eit supplement til Fosnavåg. Tanken er at Myrvåg skal dekkje basisbehova til innbyggjarane i indre del av Herøy gjennom bustader, handel, næringsutvikling og offentlege tenester.

 

Planforslaget legg opp til:

  • meir bustadutvikling i sentrale delar av Myrvåg
  • fleire leilegheiter og lettstelte bustader nær service og kollektivtilbod
  • utvikling av næringsområde for framtidig verdiskaping
  • avsette areal til handel og tenesteyting
  • betre tilrettelegging for gåande og syklande
  • mogleg framtidig plassering av skule og større idrettsanlegg i området

Målet er å samle meir av utviklinga i Myrvåg slik at området får eit sterkare grunnlag for handel, tenester, møteplassar og eit levande lokalsamfunn.

 

Styrkar vern av natur, landbruk og friluftsliv

Eit viktig grep i planforslaget er å samle utbygginga i sentrale delar av Myrvåg. Samtidig vert fleire tidlegare byggeområde foreslått tekne ut av planen og tilbakeførte til landbruks-, natur- og friluftsområde.

I samband med planarbeidet er det gjennomført kartlegging av naturverdiane i området. Kartlegginga viser mellom anna viktige naturtypar som kystlynghei, våtmark og myr, i tillegg til vassdrag med aure.

Planen legg også vekt på å ta vare på viktige verdiar knytte til kulturmiljø, landskap og friluftsliv. Område som Djupvikvatnet, Rambjøra, Dragsundet og den grøne korridoren er sentrale omsyn i planarbeidet.

 

Handel og næringsutvikling

Planen foreslår nye område for kombinert næring, handel og tenesteyting. Samstundes er det lagt inn tydelege rammer for kva type handel som skal etablerast i Myrvåg.

Målet er at Myrvåg skal vere eit supplement til Fosnavåg, ikkje ein konkurrent til sentrumshandelen der. Nye handelsområde er i hovudsak tenkte for daglegvarer og plasskrevjande varer som til dømes byggevarer, møblar, kvitevarer, bilar og fritidsutstyr.

Planen opnar også for nye kontorarbeidsplassar og offentlege tenester i området.

 

Klima og berekraft

Klima og berekraft har vore viktige tema gjennom planarbeidet. Store areal som tidlegare var sette av til framtidig utbygging, er no foreslått tilbakeførte til natur- og landbruksføremål.

Dette bidreg til å redusere nedbygging av myr og jordbruksjord, samstundes som det styrkar naturmangfaldet og reduserer framtidige klimagassutslepp.

Kommunen vurderer at planforslaget samla gir lågare klimagassutslepp frå arealbruk enn gjeldande plan.

 

Korleis kan du medverke?

Kommunedelplanen er no ute til offentleg ettersyn. Det betyr at alle som ønskjer det kan lese planforslaget og sende inn merknader før kommunen tek endeleg stilling til planen.

Planforslaget omfattar mellom anna plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, handelsanalyse og mobilitetsanalyse.

Innspel frå innbyggjarar og andre interesserte vil vere ein viktig del av grunnlaget når kommunen skal vurdere og vidareutvikle planen fram mot endeleg politisk handsaming.

 

 

Frist for å sende inn merknad er 25.08.2026.

Skjema for å sende inn merknad finn du her: Skjema for merknad

Politiske saka finn du her: KS 65/26

Saksmappa med alle dokument finn du her: Sak 23/3549