Kommunestyret har vedteke detaljreguleringsplan for naustrekkje i Aspevika

Herøy kommunestyre vedtok 30. april 2026 detaljreguleringsplan for naustrekkje i Aspevika (planID 202404). Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12. Samstundes vert delar av tidlegare reguleringsplanar oppheva der den nye planen gjeld.

Kva går planendringa ut på?

Planendringa legg til rette for at terrassen som allereie er oppført på sjøsida av naustrekkja kan vidareførast og gjerast tilgjengeleg for ålmenta. Terrassen står i dag på ei steinfylling som tidlegare var regulert til friluftsformål, men som i praksis er bratt og lite tilgjengeleg.

 

Målet med reguleringsendringa er å gi innbyggjarane betre tilgang til sjøen og strandsona gjennom eit universelt utforma opphaldsareal langs naustrekkja.

 

Tilgjengeleg for alle

Eit viktig krav i planen er at terrassen og gangtilkomsten til denne skal vere open og tilgjengeleg for ålmenta. Planen stiller mellom anna krav om:

  • universell utforming av tilkomsten
  • at terrassen skal vere open for alle
  • at dører frå nausta til terrassen ikkje er tillatne
  • at skiljevegger og andre privatiserande tiltak skal fjernast eller ikkje etablerast

 

Dette skal sikre at området kan nyttast av alle, også personar med nedsett funksjonsevne.

 

Betre tilgang til sjøen

I planomtalen vert det peika på at området framfor naustrekkja i utgangspunktet er ei bratt steinfylling med avgrensa verdi for opphald og ferdsel. Terrassen gir i staden eit flatt og tilrettelagt areal på om lag 240 m² der folk kan opphalde seg, nyte utsikta eller drive fritidsfiske frå land.

 

Kommunen har i si vurdering lagt vekt på at tiltaket kan ha positive verknader for friluftsliv, folkehelse, barn og unge, og for universell tilgang til sjøområdet.

 

Høyring og merknader

Planforslaget har vore lagt ut til offentleg ettersyn. Det kom inn fråsegner frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Ingen av desse hadde merknader til at planen kunne godkjennast slik han låg føre.

 

Innsyn i vedtaket

Plankart, føresegner og andre plandokument er tilgjengelege i kommunen sitt planregister på www.arealplanar.no.

 

Klage på vedtaket må eventuelt fremjast i samsvar med reglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova innan gjeldande fristar etter kunngjering.

 

Vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå kunngjeringa. 

 

Klagefrist 14.07.2026

Skjema for klage finn du her: Klageskjema 

 

Politiske saka finn du her: KS 39/26

Saksmappa med alle dokument finn du her: Sak 24/1312