Kommunikasjonsprisen går til Herøy brann og redning

– Herøy brann og redning driv eit livsviktig folkeopplysingsarbeid. Slik gjer dei folk tryggare og klokare, heiter det i grunngivinga for prisen.

Tre personar framfor brannbilar, på den eine bilen står det Herøy brann og redning. - Klikk for stort bilete– Prisvinnarane er opptekne av å gjere informasjonen relevant for mottakarane, står det i grunngivinga for Kommunikasjonsprisen. Frå venstre: brannsjef Frank Steinsvik, Lene Utseth, tilsett innan førebygging i Herøy brann og redning, kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik i Herøy kommune. Joachim Almestad

Kommunikasjonsprisen i Herøy kommune for 2023 går til Herøy brann og redning. 

Måndag morgon blei prisen delt ut på brannstasjonen. Der tok brannsjef Frank Steinsvik og Lene Utseth, som arbeider med førebygging, imot blomster og diplom frå kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik i Herøy kommune.

– Har gått nye vegar

Og slik er grunngivinga for prisen:

«Avdelinga tek hand om ei grunnleggande oppgåve i lokalsamfunnet: å verne innbyggarane mot brann og ulykker – helst ved å førebygge. Den oppgåva løyser avdelinga med kommunikasjon som eitt av verktøya.

Herøy brann og redning er aktive i sosiale medium for å spreie informasjon til innbyggarane. Og avdelinga legg vinn på å ha god og oppdatert informasjon om førebygging på nettstaden til kommunen.

Prisvinnarane er opptekne av å gjere informasjonen relevant for mottakarane. Til dømes går dei ut med ekstra informasjon oppunder jul, då faren for brann i heimane er ekstra stor.

Det er ikkje berre i digitale kanalar at avdelinga kommuniserer aktivt. Dei formidlar kunnskap ansikt til ansikt i møte med ulike målgrupper. Jamleg har dei besøk av barnehagar og skuleklassar. Og når det er «open brannstasjon» får folk eit ekstra innblikk i korleis avdelinga jobbar – og gode råd med på kjøpet.

I det siste har Herøy brann og redning gått nye vegar i det utoverretta arbeidet: Med brannbamsen Bjørnis har dei fått eit trekkplaster som er med på å spreie bodskapen til dei yngste.

Herøy brann og redning driv eit livsviktig folkeopplysingsarbeid. Slik gjer dei folk tryggare og klokare. For det fortener avdelinga Kommunikasjonsprisen for 2023.»

Tidlegare vinnarar

Det er femte gongen at Kommunikasjonsprisen i Herøy kommune blir delt ut. 

Desse har fått prisen før:

  • for 2022: Barnehageavdelinga
  • for 2021: Runa Bakke
  • for 2020: Bjørn Martin Aasen
  • for 2019: Herøy produksjon