Nokre av dei tilsette i seksjonen på fagdagen om førebygging: seksjonsleiar Maria Elena Nilsen, fysioterapeut Markus Skorpen, ergoterapeut Kathrine Torvik Eikenæs, koordinator for kvardagsrehabilitering Elisabeth Strand Slettestøl.
Svein Arne Orvik
Den årlege Kommunikasjonsprisen i Herøy kommune blei delt ut fredag av kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik på fagdagen til avdeling for barn, familie og helse.
Med kampanjen «4 tips til 65+» har seksjon for rehabilitering funne nye måtar å spreie fagkunnskap og kommunisere med innbyggarane på, heiter det i grunngivinga for prisen.
– Seksjonen har også gjort eit nybrottsarbeid som svarar på ei av dei største utfordringane kommunane står overfor: Vi blir fleire eldre og færre yrkesaktive, står det i grunngivinga.
Dette er tipsa i kampanjen «4 tips til 65+»:
- Ver fysisk aktiv – det er godt for både kropp og sinn.
- Tilpass bustaden din – eller flytt til ein meir eigna bustad.
- Bruk evnene dine og knyt band til andre menneske.
- Et sunt og godt – det er smart på fleire vis.
Her finn du nettsidene til kampanjen.
Gir råd til innbyggarane
Slik er grunngivinga:
«Kommunikasjonsprisen for 2024 går til seksjon for rehabilitering. Seksjonen får prisen for å bruke kommunikasjon som eit strategisk verktøy i det førebyggande arbeidet.
Seksjonen har eit viktig ansvar for å gi råd til innbyggarane om korleis dei blant anna kan ta vare på helsa si og tilpasse bustaden sin. Seksjonen ønskte å nå betre ut med råda sine, og dei vende seg derfor til kommunikasjonsavdelinga. Dette initiativet frå seksjonen blei starten på eit samarbeid som førte fram til kampanjen «4 tips til 65+».
Gjennom kampanjen formidlar seksjonen kunnskap til innbyggarane på fire område: fysisk aktivitet, tilpassing av bustad, fellesskap med andre, sunt og godt kosthald. Kampanjen involverer også innbyggarane direkte, ved å gi ordet til tre herøyværingar som fortel korleis dei ser på det å bli eldre.
Med «4 tips til 65+» har seksjon for rehabilitering ikkje berre funne nye måtar å spreie fagkunnskap og kommunisere med innbyggarane på. Seksjonen har også gjort eit nybrottsarbeid som svarar på ei av dei største utfordringane kommunane står overfor: Vi blir fleire eldre og færre yrkesaktive. Som det heiter i kampanjen: «Noko av det viktigaste vi gjer som kommune, er å hjelpe folk til å hjelpe seg sjølve.»
Seksjon for rehabilitering har vist at strategisk kommunikasjon er eit av verktøya vi har for å møte denne utfordringa. For det fortener seksjonen Kommunikasjonsprisen for 2024.»
Prisen blei delt ut for sjette gong. Frå venstre: kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik, ergoterapeut Kathrine Torvik Eikenæs, koordinator for kvardagsrehabilitering Elisabeth Strand Slettestøl, fysioterapeut Markus Skorpen, seksjonsleiar Maria Elena Nilsen.
Monica Svoren
Fem tidlegare vinnarar
Det er sjette gongen at Kommunikasjonsprisen i Herøy kommune blir delt ut.
Her er dei tidlegare vinnarane:
- for 2023: Herøy brann og redning
- for 2022: Barnehageavdelinga
- for 2021: Runa Bakke
- for 2020: Bjørn Martin Aasen
- for 2019: Herøy produksjon