Kondolanseprotokollar i Herøy etter kong Harald V sin bortgang

Etter bortgangen til kong Harald V er det lagt til rette for at innbyggjarane i Herøy kan skrive i kondolanseprotokoll og tenne lys. Kondolanseprotokollar er tilgjengelege på Herøy rådhus og i fleire av kyrkjene i kommunen.

Kong Harald V er død. Kong Harald V av Noreg døydde fredag 28. august 2026. Kronprins Haakon er no Noregs nye konge.

Det er nasjonal sørgjeperiode frå i dag og fram til gravferda til H.M. Kong Harald V.

Markering i Herøy

For å markere sorga etter kong Harald V si bortgang blir det i dag ringing frå alle kyrkjene i Herøy mellom kl. 12.00 og 13.00.

Herøy kommune flaggar på halv stong i dag.

Kondolanseprotokoll på Herøy rådhus

Herøy kommune har lagt ut ein kondolanseprotokoll ved hovudinngangen på Herøy rådhus.

Innbyggjarar som ønskjer det, kan skrive i protokollen i opningstida mellom kl. 10.00 og 14.00.

Opne kyrkjer for kondolanseprotokoll og lystenning

Kyrkjene i Herøy opnar dørene for dei som ønskjer ei stille stund, å tenne lys eller skrive ei helsing i kondolanseprotokollen.

Herøy kyrkje

Fredag 28. august

  • Open kl. 12.00 til 16.30
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

Laurdag 29. august

  • Open kl. 11.00 til 13.00
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

 

Indre Herøy kyrkje

Laurdag 29. august

  • Open kl. 11.00 til 13.00
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

 

Leikanger kyrkje

Laurdag 29. august

  • Open kl. 11.00 til 13.00
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

I alle kyrkjene vil det vere mogleg å skrive i kondolanseprotokollen og tenne lys.

Neste veke

Herøy kyrkje er open alle kvardagar frå kl. 12.00 til 16.30.

Det vil vere mogleg å skrive i kondolanseprotokollen og tenne lys i kyrkja.

Informasjon om opningstidene i dei andre kyrkjene i kommunen neste veke kjem seinare. Følg med på heimesida til Herøy kommune og informasjonskanalane til Herøy kyrkjelege fellesråd for oppdatert informasjon.