Kong Harald V er død

Kong Harald V av Noreg er død, opplyser Kongehuset. Kronprins Haakon er no Noregs nye konge.

Kong Harald V, 1937–2026 - Klikk for stort bileteKong Harald V, 1937–2026 Kongehuset

– Det er med djup sorg vi melder at Hans Majestet Kong Harald døydde i dag. Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august klokka 06.35, opplyser Slottet.

Måndag 17. august opplyste Kongehuset at kong Harald var innlagd på Rikshospitalet i Oslo. Seinare vart det kjent at han trong behandling på sjukehus.

Tilstanden vart forverra gjennom helga. Torsdag morgon opplyste Kongehuset at tilstanden var blitt ytterlegare forverra og svært alvorleg.

Harald V vart konge av Noreg i 1991 etter at faren, kong Olav V, døydde. Han og dronning Sonja vart vigsla ved signingsgudsteneste i Nidarosdomen 23. juni same år.

Kong Haralds son går no frå å vere kronprins Haakon til å bli Noregs nye konge. Han skal informere regjeringa om kva namn og valspråk han vil bruke som konge.

Dottera hans, Ingrid Alexandra, er no kronprinsesse. Ho kan òg få tildelt eit nytt namn i samband med den nye rolla.

Kong Harald besøkte Fosnavåg i Herøy i 2017. Besøket samla mange innbyggjarar, og fleire fekk høve til å møte kongen då han vitja kommunen.

Markering i Herøy

For å markere sorga etter kong Harald V si bortgang blir det i dag ringing frå alle kyrkjene i Herøy mellom kl. 12.00 og 13.00.

Herøy kommune flaggar på halv stong i dag.

Herøy kommune har lagt ut ein kondolanseprotokoll ved hovudinngangen på Herøy rådhus. Innbyggjarar som ønskjer det, kan skrive i protokollen i opningstida mellom kl.10.00 og 14.00.

Herøy kyrkje

Herøy kyrkje er open for alle som ønskjer ei stille stund, å skrive i kondolanseprotokollen eller tenne lys.

Fredag 28. august

  • Open frå kl. 12.00 til 16.30
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

 

Laurdag 29. august

  • Open frå kl. 11.00 til 13.00
  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning

 

Indre Herøy kyrkje

  • Laurdag 29. august: open kl. 11.00–13.00

 

Leikanger kyrkje

  • Laurdag 29. august: open kl. 11.00–13.00

 

I alle kyrkjene vil det vere mogleg å skrive i kondolanseprotokollen og tenne lys.

Neste veke

Herøy kyrkje er open alle kvardagar frå kl. 12.00 til 16.30 med:

  • Kondolanseprotokoll
  • Moglegheit for lystenning