Konkurranse - Plenklipp av gravplassar og kommunale areal

Herøy kommune og Herøy kyrkjelege fellesråd ønsker å inngå kontrakt med ein profesjonell leverandør som kan levere plenklipp av gravplassar, kyrkjegardar, samt rundt kommunale bygg som rådhus, skular, barnehagar, idrettsanlegg og kommunale bustadar. 

Kyrkjegard ein silrik dag. - Klikk for stort bilete Herøy kyrkjeleg fellesråd

Det er til saman 36 ulike eigedomar som skal klippast. Klippesesongen er definert frå 20 april til 20 september, med eit estimert timeforbruk på 1 100 arbeidstimar. Ein forventar at kontraktsoppstart i april/mai 2026.

Grunna omfanget av arbeidet, ønsker vi å inngå kontrakt med ein profesjonell leverandør som nyttar eige tilsette og eige utstyr. Kontrakten har ei kontrakttid på 2 år, med opsjon på ytterlegare 1+1 år på same vilkår. 

Vi syner til konkurransedokumenta som ligg tilgjengeleg i databasen for offentlege anskaffingar.

Tilbodsfrist: 20. mars 2026 kl.12:00