Konstituert som avdelingsleiar

Joachim Almestad er konstituert som avdelingsleiar for kommunikasjon i Herøy kommune.

utandørsportrett av ein person - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Almestad har sidan mars 2024 vore tilsett i kommunikasjonsavdelinga som digitaliseringsleiar, eit fagansvar han tek med seg vidare. Dei siste månadane har Almestad vore prosjektleiar for innføringa av eigedomsskatt. Tidlegare har han arbeidd som prosjektleiar og forretningsrådgivar i Knowit Experience Bergen.

Han tek til som avdelingsleiar 1. august.

– Eg ser fram til å leie eit kompetent og viktig fagmiljø, og til å vidareutvikle tenestene våre i takt med behova til både innbyggarane og organisasjonen, seier Almestad.

Han har mastergrad i innovasjon og leiing, bachelorgrad i økonomi og administrasjon og har delteke i leiarutviklingsprogram.

Kommunikasjonsavdelinga høyrer til sektoren for verksemdstyring. Avdelinga dekker fleire ansvarsområde og funksjonar:

  • ekstern og intern kommunikasjon
  • arkivteneste
  • servicetorg
  • digitalisering og digital samhandling
  • politisk sekretariat
  • sjølvbeteningsløysingar
  • beredskapskoordinering
  • personvern
  • klarspråk
  • val