Utfall av elektronisk kommunikasjon
DSB
Hendingar dei siste åra har vist kor sårbart samfunnet kan vere når elektroniske kommunikasjonsløysingar fell bort. Dersom det skjer eit større og langvarig bortfall av telefoni og internett, har kommunen alternative løysingar for å kunne ta imot meldingar frå innbyggjarane og formidle viktig informasjon.
Kommunen kan opprette kontakt- og informasjonspunkt
Ved behov kan Herøy kommune opprette kontakt- og informasjonspunkt ved:
- Herøy rådhus
- Myrvåg omsorgssenter
Desse kontaktpunkta er først og fremst for personar som har eit akutt behov for hjelp, informasjon eller ønskjer å melde frå om forhold som krev oppfølging.
Ved kontaktpunkta kan kommunen:
- gi informasjon om situasjonen
- ta imot meldingar frå innbyggjarar
- vidareformidle behov for hjelp til naudetatar eller andre relevante instansar
Kontaktpunkta er ikkje meint som oppmøtestader for alle innbyggjarar.
Ved akutt helsehjelp
Dersom du har behov for akutt helsehjelp og ikkje kjem gjennom på telefon til legevakt eller naudnummer, bør du så langt det er mogleg kome deg direkte til næraste legevakt eller sjukehus.
Kommunen vil informere om alternative løysingar dersom situasjonen gjer det nødvendig.
Følg med på NRK P1
Dersom du berre har behov for informasjon om den aktuelle hendinga, bør du lytte til NRK P1.
Ved større hendingar nyttar styresmaktene radio for å formidle viktig informasjon til befolkninga. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår derfor at alle husstandar har ein batteridriven DAB-radio som del av eigenberedskapen.
Ver budd på langvarige bortfall
Straumbrot eller bortfall av elektronisk kommunikasjon kan påverke kvardagen meir enn mange tenkjer over. Kommunen oppmodar derfor alle innbyggjarar om å ha eit grunnleggande beredskapslager heime.
Det bør mellom anna innehalde:
- batteridriven DAB-radio
- lommelykt og ekstra batteri
- drikkevatn
- mat som toler lagring
- nødvendige medisinar
God eigenberedskap gjer at du kan klare deg sjølv i fleire dagar dersom viktige tenester blir utilgjengelege.
Les meir om eigenberedskap her: https://www.dsb.no/sikkerhverdag/egenberedskap/
Heimesida til Herøy kommune: https://www.heroy.kommune.no/tenester/organisasjon-og-tilsette/beredskap/