Korleis er det å vere ferievikar i Herøy kommune?

For å finne svaret besøkte kommunedirektøren og kommunalsjef for helse og meistring denne veka tre ferievikarar på ulike arbeidsplassar i kommunen. Dei vart mellom anna spurde om korleis dei vart tekne imot, om dei har fått nødvendig informasjon og oppfølging, og korleis dei trivst i jobben.

Fv Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen og Amanda Tauni Valø  - Klikk for stort bileteFv Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen og Amanda Tauni Valø Herøy kommune

Tilbakemeldingane er svært gode. Ferievikarane fortel om gode kollegaer, varierte arbeidsoppgåver og ei kjensle av å vere velkomne frå første dag. Samstundes får dei mykje ros frå leiarane sine for innsatsen dei legg ned gjennom sommaren.

Vi er heldige som har så dyktige ferievikarar, seier kommunalsjef for Helse og meistring, Gro Anette Voldsund.

Første møte med arbeidslivet

Johannes Remøy er ferievikar på storkjøkkenet. Dette er første møtet hans med arbeidslivet før han til hausten startar som lærling i tømrarfaget etter to år ved Herøy vidaregåande skule.

Han fortel om varierte arbeidsdagar og eit godt arbeidsmiljø. Ei av oppgåvene han trivst godt med er å levere mat til Svingen og Myrvåg omsorgssenter.

I løpet av samtalen kjem det også fram at Johannes er ein av elevane ved Herøy vidaregåande skule som har bygd snikkarboda. Denne er no under oppføring i hagen ved Svingen.

Lærerikt sommararbeid

Amanda Tauni Valø er ferievikar ved Nestunet. Ho studerer psykologi i Sverige, men har familie i Herøy og bruker sommaren til å jobbe i kommunen. Amanda trekkjer særleg fram den gode mottakinga ho har fått. Ho fortel at arbeidet har gitt nyttig erfaring for framtidig yrkesliv, mellom anna korleis struktur og gode rammer kan bidra til meistring i kvardagen.

Ho peikar også på at lønsnivået i Noreg er merkbart høgare enn i tilsvarande stillingar i Sverige.

Trivst godt i heimetenesta

Lilly Skorpen Berge er ferievikar i heimetenesta og ein av sju sjukepleiarstudentar der denne sommaren.Ho har vore vikar innan pleie og omsorg i fleire år, og trivst svært godt i jobben.

Då Lilly starta på sjukepleiarutdanninga i Molde, hadde ho ei rekrutteringsstilling det første studieåret. Ordninga innebar ein bonus på 30.000 kroner mot at studenten arbeider 12 helgar gjennom året og fem veker om sommaren. No går ho andre året på sjukepleiarutdanninga i Molde. Avstanden heim til Herøy gjorde det vanskeleg å forplikte seg til like mange helgar som tidlegare, men ho tek framleis ekstravakter når ho har moglegheit.

Lilly trekkjer særleg fram arbeidsmiljøet som ein av grunnane til at ho kjem tilbake.

– Det er lett å spørje dersom ein føler seg usikker, seier ho.

Ho fortel også at ho har fått gradvis meir ansvar etterkvart som kompetansen har auka gjennom studiet.

– Eg har slik fått meir ansvar i takt med det eg har lært, fortel Lilly.

Godt å få stadfesting

Kommunedirektøren er glad for tilbakemeldingane frå ferievikarane.

– Det er godt å få stadfesta at ferievikarane er fornøgde med måten dei har blitt tekne imot på, og at rammene rundt arbeidsforholdet er på plass. Det var hovudmålet med denne internkontrollen, seier han.

Kommunedirektøren peikar på at gode erfaringar som ferievikar også kan vere viktige for framtidig rekruttering.

– Vi ønskjer at dei som jobbar hos oss skal trivast, føle seg trygge og få lyst til å kome tilbake. Erfaringane dei får som ferievikarar i dag kan vere starten på ei framtidig karriere i Herøy kommune.