Kulturprisen til Herøy biljardklubb: – Eit inkluderande miljø

Biljardklubben blir heidra med kulturprisen i Herøy kommune.

gruppebilde av prisvinnarar og utdelarar med ein stor sjekk - Klikk for stort bileteFrå venstre: Britt-Sølvi Hauge Pettersen (frå biljardklubben), Tanja S. Leikanger, Julianne Auberg Hauge og Tine Storøy. Melissa Nerland Paulsen / Vestlandsnytt

Ordførar Tine Storøy, kulturleiar i kommunen Julianne Auberg Hauge og Tanja S. Leikanger frå Sparebanken Møre delte ut prisen onsdag.

Herøy biljardklubb er ein verdig prisvinnar med sitt trygge og inkluderande miljø, uttaler juryen. Klubben har medlemmar frå 7-årsalderen og opp til nærare 80 år. I tillegg kan klubben vise til høge sportslege resultat i Noreg og Europa.

Juryen skriv at biljard er ein idrett som dei aller fleste kan vere med på og ha glede av, uavhengig av fysiske føresetnadar og nivå. Herøy biljardklubb har som mål at dei skal tilby eit trygt og rusfritt miljø i sentrum, der du kan kome til både trening, turneringar og sosialt samvær for berre 100 kroner i året. Biljard har også eit handikapsystem som gjer at alle kan konkurrere mot kvarandre, på den same arenaen.

Kommunen og Sparebanken Møre vil heidre klubben sitt bidrag til bulyst og trivsel – og stimulere til vidare satsing slik at fleire oppdagar dette flotte tilbodet, skriv juryen.

Les meir om kulturprisen vår her.

ei gruppe samla rundt eit biljardbord - Klikk for stort bileteBiljardklubben tilbyr eit rusfritt miljø i sentrum. Melissa Nerland Paulsen / Vestlandsnytt