Kunngjering av godkjent reguleringsplan - Aspevika fritidsområde austre del

Kommunestyret har i møte 17.06.2026 vedteke detaljreguleringsplanen for Aspevika fritidsområde austre del. 

Aspevika austre del - Klikk for stort bileteAspevika austre del

Forslag til detaljregulering for Aspevika fritidsområde aust er mottatt frå grunneigar Knut Ove Aspevik og omfattar plankart datert 28.08.2025, reguleringsføresegner datert 29.04.2026, planomtale og ei oppdatert støyutgreiing frå 2026. Planområdet ligg ved sjøen nord for Aspevikvatnet og fylkesveg 654, grenser mot allereie regulerte område Aspevika og Aspevika 2, og er eigd av forslagsstillar.

 

 

Kommunestyret har vedteke detaljregulering for Aspevika fritidsområde austre del (planID 201711). Vedtaket vart gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12. Planområdet ligg i Aspevika, nord for Aspevikvatnet og fylkesveg 654, og grensar til dei eksisterande reguleringsplanane Aspevika og Aspevika 2. Området er eigd av grunneigar og tiltakshavar Knut Ove Aspevik. 

 

Kva opnar planen for?

Reguleringsplanen legg til rette for:

  • fire nye bustadtomter
  • nye fritidsbustader ved sjøen
  • nye naust
  • interne vegar og teknisk infrastruktur
  • friluftsområde og landbruksareal som skal takast vare på 

 

Planområdet er om lag 18 dekar stort. Det er planlagt inntil fire bustader, medan det kan etablerast om lag 14–16 fritidsbustader og tilsvarande tal naust innanfor området.

 

Behandling av planen

Planforslaget vart lagt ut til offentleg ettersyn frå 21. november 2025 til 9. januar 2026. I denne perioden kom det inn uttalar frå mellom anna Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens vegvesen og NVE. 

 

Det vart reist motsegner knytte til trafikksikkerheit og støy. Etter at planforslaget vart justert og nye fagutgreiingar vart lagde fram, vart motsegnene trekte. Planen har også fått oppdaterte krav knytte til støy, stormflo og byggjehøgder. 

 

Vurdering av natur og miljø

Kommunen har vurdert planen opp mot naturmangfaldlova. Gjennomgangen av tilgjengelege databasar viste ikkje spesielle naturverdiar innanfor planområdet som hindrar utbygging. Samstundes peikar kommunen på at utbygginga vil føre til at delar av strandsona vert bygd ned, noko som gir ein negativ miljøkonsekvens. 

Planen legg opp til at det skal takast omsyn til naturfare, blant anna stormflo og havnivåstiging. Det er sett krav til byggehøgder for både fritidsbustader og naust for å sikre bygga mot framtidige klimaendringar.

 

Innsyn i vedtaket

Plankart, føresegner og andre plandokument er tilgjengelege i kommunen sitt planregister på www.arealplanar.no.

 

Klage på vedtaket må eventuelt fremjast i samsvar med reglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova innan gjeldande fristar etter kunngjering.

Vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå kunngjeringa. 

 

Klagefrist 14.07.2026

Skjema for klage finn du her: Klageskjema 

 

Politiske saka finn du her: KS 62/26

Saksmappa med alle dokument finn du her: Sak 25/525