Kven kan kome på Svingen dagaktivitetstilbod? - Herøy kommune

Kven kan kome på Svingen dagaktivitetstilbod?

Frå tid til anna får vi spørsmål som: «Er dette noko eg kan kome på?» Svaret er enkelt: Ja!

 

Svingen er eit opent, lågterskel dagtilbod for alle som er heime på dagtid og som har lyst til å delta i aktivitetar – både store og små. Du bestemmer sjølv om du vil vere med på noko organisert, eller berre stikke innom for ein kaffikopp og ein prat.

Tre personar som snakkar saman. - Klikk for stort bilete Illustrasjon Pixabay

Opent og uformelt – du kjem når det passar for deg

Hos oss kan du kome slik du er, og bli med på akkurat det som fristar. Nokre av tilboda du kan delta på, er til dømes:

  • Bingo og quiz
  • Sirkeltrening og sittedans
  • Brettspel og sosiale aktivitetar
  • Kafeen vår med rimelege og heimelaga mattilbod

Det er ingen krav om at du må melde deg på for å vere med på desse aktivitetane. Berre møt opp!

Aktivitetar som krev påmelding

Hovudregelen er at aktivitetane våre ikkje krev påmelding, men det er nokre få unntak. Dette informerer vi alltid om på førehand – både på nettsida og Facebooksida til Svingen.

Inkluderande fellesskap

Vi legg stor vekt på å skape eit trygt og triveleg miljø der alle kan kjenne seg velkomne. Enten du kjem for å vere sosial, vere aktiv, få litt struktur på dagen eller prøve noko nytt, så finn du alltid ei open dør hos oss.

Velkomen innom!