Dei ønsker å utvikle eit område der det er attraktivt å vere, oppleve, handle og drive næring. Næringsparken er tenkt plassert sør for fylkesveg 654 i Myrvåg.
Ordførar Bjørn Prytz kalla inn til pressekonferansen. Kommunestyret i Herøy fekk i juni presentert planane om den nye næringsparken og stilte seg positive til prosjektet.
Kommunestyret vedtok 21. juni at kommunen skal lage ein kommunedelplan for Myrvåg og Dragsund.
Last ned presentasjonen som blei vist på pressekonferansen (PDF, 4 MB).