Ladevettreglane er viktige for alle – for å unngå brann.
Dette er ladevettreglane
- Lad i rom med røykvarslar.
- Lad når du er vaken og til stades.
- Les og følg brukarrettleiinga frå produsenten.
- Bruk helst ein original ladar.
- Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenne.
- Ikkje lad i senga.
- Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må kunne brukast som fluktvegar ved brann.
- Bytt ut skada utstyr.
- Stopp å lade dersom det kjem lydar eller lukt eller om produktet vert unormalt varmt.
- Ved røyk og flammer, ring brannvesenet på 110.
Du finn meir informasjon om ladevettreglane her, også på ulike språk.
Open brannstasjon vart ein suksess
Om lag 500 personar vitja Fosnavåg brannstasjon under open brannstasjon. At brannbjørnen Bjørnis var til stades, medverka nok til at så mange familiar tok turen denne dagen.
Dei som møtte fekk også høve til å
- prøve seg i kunnskapsløypa
- spyle med brannslange
- sjå sløkkjedemonstrasjonar
- sjå demonstrasjon av vifte
- prøvesitje i brannbilen
– Dei minste borna viste store kunnskapar om brannvern. Her gjer barnehagar og skular ein kjempejobb. Hjarteleg takk til alle som tok seg tid til å vitje brannstasjonen. Vi håper alle hadde nytte av dagen og at det var kjekt, seier Lene Utseth ved Herøy brann og redning.