Lag din eigen julekrans på Svingen

Vil du skape litt ekstra julestemning? No inviterer vi til kranselaging på Svingen! Måndag 30.november kl.13.00-14.30.

Krans - Klikk for stort bilete Monica Torvik Stokset

Her kan du vere kreativ og lage din eigen julekrans. Vi stiller med krans, granbar og anna materiell som du kan bruke for å lage  juledekorasjon.

For dei som ønsker å lage ein krans til seg sjølv, kostar krans og materiell 100 kroner. Vi tilbyr også eit rimelegare alternativ til 50 kroner, der du kan dekorere ei halvmåneforma halmdekorasjon med granbar og annan pynt. 

Dersom du heller ønsker å bidra til å pynte opp Svingen til jul, kan du lage ein krans som skal brukast i våre lokale. Då er deltakinga gratis.