Laget ditt kan få 7500 kroner for å rydde strender
15. september er fristen for å søke om støtte til ryddeaksjonar på søre Sunnmøre.
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 31.08.2023 10:54
Sist endra 31.08.2023 11:19
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Sunnmøre friluftsråd har fått nær ein halv million kroner frå Handelens Miljøfond til strandryddeaksjonar i 2023.
Pengane skal fordelast til lag og organisasjonar i kommunane som eig friluftsrådet – og vi er ein av dei.
Det er mogleg å søke om 7500 kroner i støtte til å arrangere ein ryddeaksjon.
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk stiller med ryddeutstyr og hentar avfallet når aksjonen er over.
På nettstaden til Runde Miljøsenter finn du meir informasjon og søknadsskjemaet som skal brukast.