Lån sports- og fritidsutstyr gratis på BUA Herøy – ope heile sommaren

I sommar held BUA Herøy ope heile ferien. Her kan du låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis – anten du vil på fjelltur, fisketur eller berre nyte ein aktiv dag ute. BUA gjer det enkelt å vere i aktivitet, utan at du treng å eige alt utstyret sjølv.

BUA Herøy fv. Britt Paulsen,  Oleksi og Amalie Andersen - Klikk for stort bileteBUA Herøy fv. Britt Paulsen, Oleksi og Amalie Andersen Silje S. Mork

Ope i ferien

BUA Herøy har vanlege opningstider gjennom sommaren:

Måndag og torsdag kl. 15.00–17.30

I ferien er det Amalie Andersen som tek imot deg på BUA.

For alle som vil vere i aktivitet

– BUA er ope for alle, seier fagleiar for Frivilligsentralen og BUA, Britt Paulsen.
– Du treng ikkje ha kjellar, garasje og bod fulle av utstyr. Her kan du låne det du treng, når du treng det. Det einaste du må hugse på, er å planleggje litt i forkant.

Ho rosar brukarane i Herøy:

– Vi har fantastiske lånarar som tek godt vare på utstyret og leverer til rett tid. Det er vi veldig takksame for.

Populært utstyr i sommar

Mange nyttar BUA når dei skal på tur i nærområdet. Dette er noko av det mest populære utstyret no:

• Turutstyr til fjell og friluftsliv
• Fiskestenger og anna fiskeutstyr
• Redningsvestar og flytevestar
• Syklar
• Telt og hengekøyer
• SUP-brett
• Rulleskøyter og skateboard

BUA har også fått nye våtdrakter sponsa av Mowi.

Takk til Mowi

BUA Herøy har nyleg fått våtdrakter sponsa av Mowi.

– Tusen takk for eit flott bidrag! Dette gjer at endå fleire kan prøve aktivitetar i og ved sjøen, seier Paulsen.

 

Dette kan du låne

Skateboard - Klikk for stort bileteSkateboard Silje S. Mork
Rednigsvestar og fiskestenger - Klikk for stort bileteRednigsvestar og fiskestenger Silje S. Mork
Bua Herøy - Klikk for stort bileteHengekøyer og soveposar Silje S. Mork

BUA har eit stort utval av utstyr til både sommar, vinter og leik. Her er eit utval:

Friluftsliv og camping
• Telt, lavvo, soveposar og liggeunderlag
• Stormkjøken, termosar og tursekkar
• Kompass, hovudlykter og hengekøyer

Sommar og vatn
• SUP-brett

• våtdrakter
• Syklar og sykkelhjelmar
• Flytevestar og redningsvestar
• Fiskesett og sjøkikkert
• Ballspel og aktivitetar som badminton, volleyball og fotball

Syklar - Klikk for stort bileteSyklar Silje S. Mork
syklar - Klikk for stort bileteSyklar SIlje S. Mork
Frisbee - Klikk for stort bileteFrisbee Silje S. Mork

Leik og spel
• Frisbeegolf, stigegolf og kubb
• Krokket og fotballkrokket
• Dart og bowlingsett

Vinter og is
• Skiutstyr og akematter
• Skøyter og hockeyutstyr
• Truger og broddar

Lenke til BUA Herøy 

Slik låner du

For å låne utstyr må du opprette ein låneprofil.

• Du må ha bustadadresse i Noreg og norsk mobilnummer
• Du kan opprette profil via Vipps eller stadfeste identiteten din med kode og legitimasjon første gong
• Når profilen er oppretta, held det å oppgi mobilnummer når du skal låne

Barn og ungdom under 18 år kan låne saman med ein vaksen som er ansvarleg for lånet.

Her kan du opprette låneprofil: https://www.bua.no/app?redirect=%2F

Det er gratis

Det kostar ingenting å låne utstyr frå BUA.

Du kan likevel få gebyr dersom utstyret blir levert for seint.

Kvar finn du BUA?

BUA Herøy ligg i første etasje på Herøy kulturhus, mot stadion.

Køyr ned ved Sunnmørsbadet – der finn du skilting til BUA.

https://www.bua.no/finn-bua/bua-heroy

 

Skilt til BUA Herøy - Klikk for stort bileteSkilt til BUA Herøy
På vei til Bua - Klikk for stort bilete Herøy kommune
BUA Herøy - Klikk for stort bileteBUA Herøy Silje S. Mork / Herøy kommune

Om BUA Herøy

BUA Herøy er organisert under frivilligsentralen. BUA er ein utlånssentral der du kan låne sport- og fritidsutstyr heilt gratis. Drifta er finansiert av kommunen. Utstyret kjøper vi inn frå ulike tilskotsordningar av stiftingar, bankar og private lokale bedrifter.

Bua Herøy - Klikk for stort bileteBUA Herøy Silje S. Mork
Rulleskøyter - Klikk for stort bileteRulleskøyter Silje S. Mork